Mattingsdal får homostøtte
– Eg er for partnarskapslova, men mot at homofile skal få inngå ekteskap og
adoptera barn. Men å seia at å leva i homofilt samliv er synd blir for
sterkt. Det blir å trakka på andre, sjøl om Jan Gunnar Mattingsdal sikkert
ikkje har meint det slik, seier fylkesvaraordførar Ellen Solheim (KrF) til
Aftenbladet.
– Eg hadde sikkert uttalt meg like svartkvitt som Jan
Gunnar den gongen eg var 20 år. Eg har homofile vener og veit kor sårt dette
kan vera for dei. Eg vil ikkje leggja stein til byrda. Sjøl har eg opplevd
kor vondt det var å bli stempla som dobbelt syndig den gong eg skilte meg og
gifta meg på ny, held Solheim fram.
– Eg vil ikkje setja meg
til doms over nokon. Eg er eit menneske som feilar heile vegen. Me må ikkje
vera så opptekne av andres synd, men retta blikket mot oss sjøl, legg
Solheim til.
Teologi, ikke politikk
Dei andre i KrF si fylkestingsgruppe deler det synet som Geir Toskedal frå
Karmøy her målber:
- Ja, som kristne meiner me at det er synd
å leva i eit homofilt samliv. Reint teologisk er me einige med Mattingsdal.
KrF er ikkje ein menighet, men eit politisk parti som er oppteken av at me
skal ha gode ordningar for alle type menneske. Partiet KrF meiner ekteskap
skal vera for mann og kvinne. Lesbiske og homofile har høve til å inngå
partnerskap.
Respekt, ikkje fordøming
– Likeverd og menneskeverd er viktig for meg. Sjøl om eg er einig med
Mattingsdal i at det er galt å leva i homofilt samliv, må me ha respekt for
dei som gjer det, understrekar Solveig Ege Tengesdal som i tillegg til å
vera KrF sin gruppeleiar i fylkestinget også er varaordførar i Eigersund.
–
Til trass for at dei vel å leva i homofilt samliv, ønskjer eg ikkje å
avskriva dei eller å sjå ned på dei. For meg er det uhyre viktig at dette
ikkje blir hardt og fordømmande. Me må ikkje trykkja dei ned, men vera rause
og inkluderande, seier Olaug Vervik Bollestad, som også er ordførar i
Gjesdal.
– Eg vil seia det så sterkt, at hadde ein av mine ungar
kome til meg og sagt at dei var homofile eller lesbiske, hadde eg vore
akkurat like glade i dei for det. Eg hadde til og med gått i bryllupet
deira! seier Bollestad vidare.
– Løgn verre
Eg tykkjer det er feil at homofil er blitt den gedigne synda. For meg er det
like gale at nokon lyg meg opp i trynet. Faktisk opplever eg det verre, legg
Bollestad til.
Ho tykkjer det er svært leit at Gro Skartveit
opplever deira syn på homofilt samliv slik at dei vil ta Gud frå henne:
–
Ingen har rett til å ta Gud frå nokon. Ingen kristne er syndfrie.
–
Så dei som lever i homofilt eller lesbisk samliv kan altså vera gode kristne?
–
Ja, sjølvsagt, svarar Bollestad.
margunn.ueland@aftenbladet.no
Diskuter denne saken
Skriv din kommentar
Aftenbladet.no
En person er stukket med kniv i sentrum av Bryne i ettermiddag.
Jæren:
Saken oppdateres!
stjålne skilt -
så stikker de
fra regningen
Tyver stjeler bilskilt og bruker disse på sin egen bil når de fyller bensin.
Lokalt:
Se hvordan tyvene gjør det
1
Et helikopter er nå på vei mot Tysdalsvatnet for å spyle fjellsida for snø og is langs rasstrekket på riksvei 13.
Ryfylke:
Les mer
1
- Det er ikke slik vi skal ha det i vårt firma. Alle ansatte vet veldig godt at de skal bruke det sikkerhetsutstyret som er påkrevet, sier kontorleder Nils Arne Håland i murerfirmaet Torben Seerup.
Stavanger:
Les mer
Saken
Jan Gunnar Mattingsdal (KrF) ser på homofilt samliv som ei synd. «Frykteleg trist», er Gro Skartveit (V) sin reaksjon. «Steinaldersk», meiner Sosialistisk Ungdom og Skeiv Ungdom.
Siste Politikk
-
Bunn-notering
for Venstre
Høyre er fortsatt større enn Fremskrittspartiet, og Venstre noteres på rekordlave 3 prosent i en ny meningsmåling.
-
Borten Moe sier ja til oljeboring i Lofoten
Parlamentarisk nestleder i Senterpartiet Ola Borten Moe ønsker oljeboring i Lofoten og sier ja under visse betingelser.
-
Ap-politiker: – Norge må betale Islands gjeld
Norge må bruke av olje- formuen til å betale islendingenes gjeld på 30 milliarder til Storbritannia og Nederland, kom det krav om på årsmøtet i Rogaland Ap. Jonas Gahr Støre avviser det blankt.
-
Gahr Støre lover streng asylpolitikk
Arbeiderpartiet skal føre en streng men rettferdig innvandringspolitikk, lover utenriksminister Jonas Gahr Støre.
-
- Norge må kutte i egne klimautslipp
Venstres påtroppende leder Trine Skei Grande krever at regjeringen legger fram konkrete tiltak for kutt i klimautslipp hjemme.
Siste saker fra Aftenbladet.no
- 18:07 Person knivstukket i Bryne
- 18:01 Romøren beste nordmann
- 17:59 Veihull til salgs i Tyskland
- 17:58 Sarkozy sint over spørsmål om ekteskapskrise
- 17:29 Følg Oilers' kamp for semifinale-billett
- 17:20 Bruker stjålne bilskilt, så stjeler de bensin
- 17:17 Slik stjeler tyvene bensin med falske skilt
- 17:03 Anker ikke Pirate Bay-dom
- 16:27 Et siste farvel
- 16:16 Helikopter spyler fjellsida - veien åpnes snart
- 15:48 To menn reddet fra holme
- 15:47 Når prester er forbrytere
- 15:45 «Det er vår olje»
- 15:42 Fornøyd med Hamsunåret
- 15:15 Til kamp mot utelivs-snikere
- 15:10 NOKAS-bok i stort opplag
- 15:09 Bare 7000 TV-seere fulgte «Folkets landslag»
- 15:05 Sesilåmi skal slanke bort den franske gåseleveren
- 14:58 – Metropolis er unikt i landet
- 14:57 TV 2-eiere tar ut 140 millioner kroner
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira

















