– Når det verken er reell debatt i politikken eller på Universitetet i Stavanger (UiS), må Aftenbladet ta ansvar for å skapa ein debattarena. Det har avisa ikkje gjort, seier debatt- redaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende.
AV: jan zahl
– Eg meiner Aftenbladet har mykje av skulda for at debattkulturen er så dårleg utvikla i Stavanger-området, seier Sandvik.
Aftenbladet har i haust og vinter trykka ei rekke saker der me har tematisert den offentlege samtalen i regionen: konsensuskulturen som pregar både politikk, akademia og kulturliv - og som ifølgje fleire kritikarar fører til lite og svak offentleg debatt. Men kva med oss sjølv, fylkets potensielt største og viktigaste offentlege debattarena, Stavanger Aftenblad?
Burde kjent si besøkstid
– Aftenbladet burde kjent si besøkstid, drege fram dei stemmene som fins i regionen, fått dei på trykk - og sørga for at dei fekk respons, i staden for å delta i nei-nå-har-me-det-så-koseleg-kulturen, seier sjefredaktør Trine Eilertsen i Bergens Tidende.
– Debattkapasitetane fins allereie i Stavanger-området: Nils Rune Langeland, Wenche Mühleisen, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen og Solveig Aareskjold er alle tydelege stemmer i den nasjonale, offentlege samtalen, men knapt i Stavanger og Aftenbladet, seier Sandvik.
Begge dei to Bergens-redaktørane har budd i Stavanger. Og begge merkar enorm kulturforskjell mellom dei to vestlandsbyane.
Enorm forskjell
– Debattkulturen i Stavanger og Bergen er som natt og dag. Eg merkar det blant anna når eg les debattsidene i Aftenbladet, der det er mange gjengangarar og få tema. Og når eg går rundt i byen. Det slår meg at det er mange samtalar om estetikk og form, men færre om innhald, seier Sandvik.
Eilertsen har på si side høyrt misunnelege bergenske næringslivsfolk, som viser til samarbeidskulturen i Stavanger og som kontrasterer Aftenbladet med kritiske BT, som stadig blir skulda for å skyta gode idear ned.
– Det kan godt henda at samarbeidskulturen har gitt gode resultat i Stavanger-regionen. Men utan eit skikkeleg klima for debatt, for å kunna erklæra seg rykande ueinig utan at folk blir sure eller risikerer å mista posisjonen sin, vil det heller ikkje dukka opp nye tankar og idear, seier Eilertsen.
Media skal vera konfliktorientert
Den ferske sjefredaktøren meiner media per definisjon skal vera konfliktorientert.
– BT er ikkje, og skal ikkje vera, nokon heiagjeng. Skaper ikkje aviser som BT og Aftenbladet ein arena for stemmer og tema som elles har problem med å nå fram, sviktar me samfunnsoppdraget vårt. Er me her bare for å formidla smått og stort som skjer rundt oss, eller har me ei oppgåve som er større enn som så, spør Eilertsen.
Begge er overraska over reaksjonen som blei Jostein Soland i Næringsforeningen til del då han kritiserte rolleblanding i Stavanger-politikken. Og begge meiner refsen professor Jan Erik Vinnem fekk frå UiS-rektor Aslaug Mikkelsen er direkte sjokkerande.
Stavanger vil tapa
– Det som skjedde med Vinnem ville aldri kunna skjedd i Bergen, seier Eilertsen. Ho trur Stavanger-regionen vil tapa på å få ord på seg som ein konsensusorientert plass der universitetsfolk verken kan eller vil vera med på å prega den offentlege debatten med kritiske spørsmål og innspel.
– Opplever intellektuelle kapasitetar at det er trongt og lite i det offentlege samtalerommet, hjelper det verken med jærstrender eller rå designbutikkar. Då dreg folk igjen - og sentraliseringstendensen i retning Oslo forsterkar seg ytterlegare, seier Eilertsen, som sjølv drog frå Stavanger etter eitt år som trainee i Statoil.
Kulturredaktør Jan H. Landro i BT, konstaterer at det er store forskjellar i folkelynnet i Norge. Og at sjølv om Bergen ligg innanfor det som var kjent som «Det mørke fastland», er det store forskjellar på hordalendingar og rogalendingar.
– I Bergen er det på ingen måte nokon konsensus- eller harmonikultur. Heldigvis. Her er sterkt engasjement og ein kvir seg aldri for å seia høgt frå om kva ein meiner, seier Landro.
Usemje eit gode
Også han meiner at det er gjennom usemje og verbal slåsting at nye ting oppstår.
– Her i byen blir usemje sett på som eit gode - sjølv om debattane nesten kan gå på helsa laus, sidan ein like gjerne kan ta mannen som ballen. Men dette har samanheng med engasjementet ein finn i ein storkjefta by som Bergen.
Baksida av medaljen er at mange politiske og økonomiske prosessar sannsynlegvis har tatt lenger tid i Bergen på grunn av diskusjon, krangling og stadig omkampar.
– Harmoni har ei vakker side. Men harmoni kan også leggja eit vått ullteppe over alle tendensar til usemje og opposisjon. Det kan hindra opponentar i å ta ordet, mens majoriteten ikkje bryr seg. Då nærmar me oss det verste av alt, nemleg likesæla. Då er me på ville vegar, seier Landro.
Kommentarer