Forlagsredaktøren bak Astrid Lindgren-boka, der forfattar Guri Fjeldberg fortel at ho er eit incestoffer, meiner boka er ei kjærleiks- erklæring til Lindgren.
AV: jan zahl
- Ine Marit Torsvik Bertelsen bommar på målet når ho seier Fjeldberg driv med eigenterapi gjennom boka om Lindgren.
Dette er ein uinteressant og utdatert måte å lesa barnelitteratur på, seier Nina Méd, Fjeldbergs forlagsredaktør i Gyldendal.
LES OGSÅ:
- Korvidt forfattarar bruker seg sjølv og eigne erfaringar når dei skriv er ein ganske utdatert diskusjon, seier Méd - som meiner alle forfattarar på eit vis bruker seg sjølv.
Likt
- Eg skjønar ikkje kvifor dette skal vera annleis for barnebokforfattarar enn for vaksenbokforfattarar - eller kvifor dei skal behandlast ulikt. Det handlar heller om måten ein gjer det på.
- Det gjer det etiske spørsmålet om å outa den døde morfaren som pedofil like betent som når Knausgård skriv om sin døde far?
- Vår vurdering var at morfaren innrømte overgrepa - og er død - og at familien blei orientert om dette før boka blei trykka. Då meinte me at dei etiske omsyna var ivaretekne.
Méd seier heile poenget med Ikon-serien til Gyldendal var å få engasjerte og personlege essay om kjende personar, og meiner Guri Fjeldberg har svart utruleg bra på oppgåva.
- Lindgren var kjent for å ta dei svake barna sitt parti, og det finst knapt svakare barn enn incestoffer. Målet med innleiinga der Fjeldberg fortel om incesten er å vera heilt ærleg om sitt personlege engasjement, og slik forklara kvifor Lindgren har betydd så mykje for henne, seier Méd, som heller skulle ønska at debatten om boka handla om alt det nye Fjeldberg har funne ut om Lindgren.
Kommentarer