• FOTO: Knut S. Vindfallet

Ungdom:

– Bra «Darlah»

Johan Harstads mål då han skreiv «Darlah» var å skremma livskiten av minst to 14-åringar. Etter ei veke er det bare å slå fast: Mission accomplished.

– Dette må vera den første boka som har skremt meg, seier Julie Halvorsen Lunde. Ho er allereie i gang med bok nummer to av Harstad: «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?

– «Hässelby» er betre, seier Harstad.

– Eg blei skikkeleg skremt, seier Martine Walvik Gundersen.

Dermed har altså Johan Harstad oppnådd sitt erklærte mål om å skremma livskiten av minst to fjortenåringar med forteljinga om Mia frå Våland som dreg til månen med NASA. Til ein veldig skummel måne.

– Nå blei eg glad, seier Harstad.

«Darlah» er meldt i fleire norske aviser siste veka, og har fått svært god mottaking.

– Responsen har faktisk vore så god at eg trur det blir ein oppfølgjar ein eller annan gong. Men då skal det bli dobbelt så skummelt, seier Harstad.

– Då tør ikkje eg lesa boka, seier Martine.

– Det skal eg, seier Julie.

Ungt

Mens dei profesjonelle litteraturmeldarane i avisene har vore vaksne, har Aftenbladet stelt i stand eit møte mellom forfattaren og fire av dei boka er bestilt og skriven til: Rogalands niandeklassingar. Kva er dommen frå ungdommen?

– Eg syns boka er veldig bra og godt skriven. Men slutten blei litt for openbar, seier Julia. Hennar eksemplar ser svært så velbrukt ut. Etter ei lita veke er coveret bare ei flysse.

– Sånn går det når Stavanger 2008 skal spara pengar på produksjonen, seier Harstad.

– Det er akkurat som det kunne skjedd med deg sjølv; det kjendest veldig ekte, seier Seda Hasret Turan. Ho er omtrent halvvegs i boka.

Olav Kaada er litt over halvvegs. Og sjølv om han dermed ikkje har kome til den verkeleg skumle delen, syns han det er spenning i boka, frå første stund.

– Ingen kritisk kommentar?

– Nja. Kanskje litt langtekkeleg i starten, då alle personane skulle presenterast.

Martine rosar også Harstad for å ha skrive ei historie som verkar så verkeleg at ho nesten kunne skjedd.

– For meg var det greitt at boka starta litt roleg. Hadde ho starta like skummelt som ho slutta, hadde eg ikkje klart å lesa heile, seier ho.

Ung Harstad

Harstad har skrive ei bok han trur han sjølv ville likt då han var 15 år.

– Eg prøvde å tenka på kva bøker og filmar eg hadde sett då eg var 15. Eg har alltid vore glad i skumle filmar, hadde sett mykje science fiction, som «Alien», seier Harstad.

Ingen av fjortenåringane rundt bordet har sett «Alien». To av dei har høyrt Talking Heads, som Mia i boka høyrer på.

Harstad har eit litt anstrengt forhold til begrepet «ungdom», og ville laga ei bok som både er interessant for unge og vaksne.

– Men sidan tusenvis av ungdommar først skulle tvingast til å lesa boka, har eg unngått uendeleg lange setningar, med hundre innskotne bisetningar.

Men så ligg det også i spenningssjangeren å skriva kortare og enklare setningar, seier Harstad.

Ikkje 14

Alle som har vore 14 år burde vita kor teit det kan vera når vaksne prøver å vera unge og kule og snakka «ungdommens språk».

– Me er unge, dei er vaksne. Det blir bare teit, seier Seda.

Harstad har ikkje ein gong prøvd.

– Eg er ikkje 14 år lenger, har ikkje budd i Stavanger på 10 år og aner ikkje korleis sjargongen er her nå - eller i 2012, der handlinga er lagt, seier Harstad.

Han har litt blanda kjensler for å bli delt ut gratis til 7000 niandeklassingar.

– Eg hugsar då eg gjekk på skulen og måtte tvangslesa gamle bøker. Eg risikerer jo at nokon hatar meg på livstid fordi dei måtte lesa «Darlah» på skulen. På den andre sida syns eg det er bra at niandeklassingane får noko nytt, noko som er skrive spesielt til dei.

Og dei som liker boka, dei to-tre som blir vettskremde og øydelagde for livet, gjer at prosjektet er verdt innsatsen, flirer Harstad.

Dokumentarisk

«Darlah» er krydra både med bilete og opplysningar som er verkelege, og liknar til tider nesten ein dokumentar. Og kanskje er det ikkje så langt frå romanen til den verkelege verda: NASA skal nemleg tilbake til månen igjen, i 2020.

– Kva i all verda skal dei der, spør Harstad, som har følgjande åtvaring.

– Dukkar det opp ein konkurranse for unge menneske som kan få bli med på måneferda, er det verkeleg grunn til å bli redd.

jan.zahl@ aftenbladet.no

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kultur

Våt utstilling på Skur 2

13 unge kunstnarar frå både Stavanger og byar i utlandet, stiller ut verk med tema om olje og vatn sida dette er nokre av kjenneteikna ved oljehovudstaden.

Tooji gikk videre til finalen i Eurovision

Norges bidrag til Eurovision Song Contest, Tooji med låten «Stay», har gått videre til finalen lørdag.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Eminem-kompiser på Tou i kveld

Slaughterhouse har selveste Eminem i ryggen. I kveld spiller de på Tou.

Om kvinner og flauser

En drøy måned etter USA-premieren starter Canal+ lørdag visningen av to av vårens nye HBO-serier: den politiske satiren "Veep" og komiserien "Girls".

Johan Harstad har skrive romanen «Darlah» på oppdrag for Stavanger 2008-prosjektet Gjestfrihetens kunster.

«Darlah» blir delt ut gratis til alle fylkets 7000 9.-klassingar.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest