FOTO: Knut S. Vindfallet
Ine Marit Torsvik Bertelsen meiner Guri Fjeldberg dreg Astrid Lindgrens namn ned i søla når ho i sin Lindgren-biografi fortel at ho sjølv er blitt seksuelt misbrukt som barn. Fjeldberg avviser kritikken.
AV: jan zahl
Dette er villeiande marknadsføring, seier Torsvik Bertelsen, kunstnarisk leiar for barne- og ungdomskonferansen «Maktens pluttifikasjon», og held opp Guri Fjeldbergs bok om Astrid Lindgren. Boka kom ut i fjor, i Gyldendals Ikon-serie. Lindgren døydde på dagens dato i 2002.
LES OGSÅ:
- Du trur du får ei bok om Astrid Lindgren, men får ei historie om incest på kjøpet. Det har ingenting med Lindgren å gjera og er å trekkja namnet hennar ned i søla, seier Torsvik Bertelsen.
- Her er inga incestskildring. Eg fortel at eg har blitt utsett for incest, men ikkje korleis. Det meiner eg ungdom må tåla, svarer Guri Fjeldberg, som har mastergrad i barnelitteratur og har vore barnebokkritikar i ti år.
Kvifor?
- Kvifor er di eiga incesterfaring i ei bok om Lindgren?
- Heile denne bokserien er basert på at me som skriv bøkene har eit personleg forhold til den me skriv om. Eg meiner Lindgren har betydd ekstra mykje for ungar som har hatt ein vanskeleg barndom - og bruker meg sjølv som eksempel. Og så meiner eg at ein like gjerne kan vera tydeleg og kalla ei spade for ei spade - også når spada er incest, seier Fjeldberg, og held fram:
- Meiner Torsvik Bertelsen at eg skal skamma meg for å ha blitt utsett for incest, så har ho rett i at eg dreg Lindgrens namn ned i søla. Men Lindgren meinte jo ikkje at dei som har vore utsett for incest skal skamma seg.
- Har Lindgren nokon gong uttalt seg om incest?
- Nei, eg har ikkje funne direkte uttalar om incest. Men ho engasjerte seg generelt for barn som hadde det vanskeleg.
Trend
Torsvik Bertelsen meiner Fjeldberg inngår i ein trend, der vaksne forfattarar arbeider seg gjennom eigne, problematiske erfaringar gjennom å skriva barnebøker, og har med seg to døme i tillegg til Fjeldberg:
I «Ingen ild tenner stjernene» (2008) meiner Torsvik Bertelsen at forfattar Tor Fretheim arbeider seg gjennom si eiga traumatiske ungdomsoppleving då han blei tatt på fersken av ein sint far mens han og ein annan gut låg nakne i ei seng og klinte.
I «Tjuven» (2008) skriv Rune Belsvik om tre gutar og ei jente som les i eit pornoblad, som gnir seg på tissen - og om at gutane så skal «gni seg», som det står, mot jenta etterpå.
- Dei bruker barnelitteraturen som terapeutisk søppelkasse, seier Bertelsen.
- Bør barne- og ungdomsbøker ikkje handla om tema som incest, homofili og sex?
- Jau, men når bøkene opplevast som terapi for forfattaren, blir det feil. Gå i terapi, kom over det! Skriv gjerne om temaet, men gjer det på barnas premiss, seier Torsvik Bertelsen, som meiner det er heilt feil at Belsviks bok skal lesast av sjuåringar.
Incest
Eli Rygg har ikkje sagt at hennar bok «Jeg sa ikke kom inn» (2005) har utgangspunkt i eigne erfaringar. Men også den handlar altså om incest.
- Ho er veldig eksplisitt, skriv om blod på lakenet etter misbruket. Men det er uråd for eit barn å vita kva som er i denne boka, seier Torsvik Bertelsen.
- Vil du ha tydelegare merking av barne- og ungdomsbøker?
- Nei. Men eg vil heller ikkje ha villeiande marknadsføring.
- Bøkene handlar vel om ting barn kan oppleva?
- Ja. Men barn må sleppa å bli pådytta dette utan å ha valt det sjølv - og utan å kunna forsvara seg. Skriv på barns premiss, og marknadsfør bøkene for det dei faktisk er.
Personleg
Fjeldberg meiner ei bok må vera personleg for å vera original, og at barnelitteraturens problem heller er at han er for lite original og for kjedeleg, enn at forfattarane er for personlege. Fjeldberg har også kritisert barnelitteraturen for ikkje å ta opp vanskelege tema på ein nyansert måte. Alle er ikkje bare snille eller bare slemme i den verkelege verda.
- Incest er misbruk av kjærleik. Det er - dessverre - ei kvardagsleg sak, og eg har skrive boka eg som syttenåring gjerne skulle fått i hendene.
- Hadde du venta meir reaksjonar?
- Frå lesarar, ja. Men når du seier ordet «incest» høgt, blir det heilt stille.
- I desse Knausgård-tider: du offentleggjer at morfaren din var pedofil, men han er død og kan ikkje forsvara seg?
- Han innrømmer det jo - sjølv om han nok ikkje ville hatt det offentleggjort. Men dette er faktisk meint som ei kjærleikserklæring til han.
Kommentarer