• Mens det var konfetti i lufta og god gang i Zetlitz-salen, begynte folk å gå frå Fartein Valen-salen før Spellemannshowet var over. Dei var leie av å sjå festen på TV.

    FOTO: Marie von Krogh

  • Dei smiler tappert, men er eigentleg skuffa. Kjell (t.h.) og broren Rune Karlsen hadde mest lyst å gå etter første akt i Spellemannshowet, men Kjells sambuar Karin Veen fekk overtalt dei til å prøva litt til.

    FOTO: Marie von Krogh

- Eg føler meg lurt

Mens store kjendisar og grandiose musikknummer gjekk på scenen i Zetlitz-salen, måtte publikum i Fartein Valen-salen nøya seg med dei smale sjangrane og sjå det meste av Spellemannshowet på storskjerm. Mange gjekk skuffa derifrå.

- Eg har betalt 550 kroner for å sjå på fjernsyn. Alt foregår jo i den andre salen, seier ein rasande Kjell Karlsen etter Spellemannshowet i Stavanger konserthus laurdag kveld. Og han var langt frå aleine om å vera skuffa og frustrert over kva dei fekk servert.

For mens publikum i Zetlitz-salen fekk sjå 15 spellemannsprisar bli delt ut, var seks prisar lagt til Fartein Valen-salen. I Zetlitz blei prisar som Årets spellemann, Beste popalbum, Årets hit, Beste musikkvideo, Årets rockealbum, Country, Vise og Tekstforfattar delt ut til folk som Kaizers, Karpe Diem, Sirkus Eliassen, Ida Jenshus og Tønes. Dei som sat i Fartein Valen – og som hadde betalt like mykje for billetten – fekk oververa utdelinga av heiderprisen til Karin Krohg, Jazzprisen til Sissel Endresen (ikkje til stades), Folkemusikkpirisen til Ottar Kåsa, Klassiskprisen til Leif Ove Andsnes (ikkje til stades), Samtidsmusikkprisen til Asamisimasa og komponistprisen til Eivind Buene.

Ville gå

- Nå har tre rogalandsartistar vunne Spellemann – og me har ikkje fått sett nokon av dei i levande live. Eg kom ikkje her for å sitja og sjå på Kringkastingsorkesteret (KORK), men for å sjå livenummer, sa Karlsen etter første akt. Både han og broren Rune hadde mest lyst til å gå på det tidspunktet, men etter å ha fått seg eit glas med noko godt i og lett tilsnakk av kone og sambuar i pausen, bestemte dei seg for å bli.

- Det er betre stemning her enn heime i stova. Og så er det jo større skjerm, sa ein håpefull Karlsen før andre akt starta.

Optimismen varte ikkje lenge.

Skeivdeling

For skeivdelinga mellom dei to salane heldt fram og var minst like synleg når det gjaldt kva artistar som opptrådte kor. Mens det var fest, glamour og heftig lysshow i Zetlitz-salen med artistar som Big Bang, Kaizers Orchestra, Maria Mena, Eva and the Heartmaker og Mikhael Paskalev, blei det totalt framført fire musikkstykke i Fartein Valen: Eit tolvårig fiolintalent frå Trondheim med KORK, Ole Paus med KORK, Moddi med KORK og Bugge Wesseltoft med KORK.

- Skuffinga mi handlar framfor alt om at eg ikkje har fått rett informasjon. Eg sto som nummer to i køen for å kjøpa billettar til Spellemannshowet, og kunne velja og vraka. Eg spurde kor ting skulle skje, og fekk beskjed om at det ville vera likt fordelt mellom begge salane. Nå føler eg meg lurt, seier Karlsen, som meiner han like godt kunne sett Spellemann heime på fjernsynsskjermen – til ein langt lågare pris.

- Billettane i Fartein Valen-salen burde vore gratis og for dei som ville sjå TV på storskjerm, seier Karlsen, som etterkvart slutta å applaudera for alt som blei TV-overført frå nabosalen.

- Det er meiningslaust å klappa til eit fjernsyn, seier Karlsen.

Vil sjå på fordelinga

Ansvarleg produsent for Spellemann-showet, Dag Hvaring i Dinamo Eyeworks, seier til Aftenbladet at fordelinga mellom dei to salane heng saman med logistikken i fjernsynssendinga og kva sjangrar som passar kor.

- Utgangspunktet vårt var at me ville dela ut alle prisane i tv-sendinga. Det blei mulig gjennom å bruka to salar. Det gjorde det også mulig å både ha rockenummer og symfoniorkester i same sending, seier Hvaring, som innrømmer at det var ei bevisst skeivfordeling mellom dei to salane.

- Men eg ser at me definitivt må sjå på denne skeivfordelinga til neste år, seier Hvaring.

Les også

Siste fra Kultur

  • Kurt Aust

    1 2 3 4 5 6

    Vel turnert Tour de France–thriller, som kanskje tar opp i seg for mye.

  • Margaret Atwood

    1 2 3 4 5 6

    Solid avslutning på Maddaddam-trilogien

  • Kjartan Hjulstad

    1 2 3 4 5 6

    Sandneslektor, musiker og læreverkforfatter debuterer med ungdomsroman.

  • Steve Sem-Sandberg

    1 2 3 4 5 6

    All livsens ondskap mellom to permer.

  • Jørn Lier Horst

    1 2 3 4 5 6

    Den niende var en nedtur. Den tiende boken om William Wisting er norsk krim på sitt beste.

  • Pins

    1 2 3 4 5 6

    Faith Holgate rekrutterte tre jenter for å slippe å bli et kvinnelig blikkfang i et band med gutter.

  • Her

    1 2 3 4 5 6

    Med en blanding av høyoktan pop, country og sørstatsrock blir det party hele veien.

  • The Legends

    1 2 3 4 5 6

    Musikalsk hodebunnsmassasje fra en gjemt perle i havet av svensk indiepop.

  • Tess Parks & Anton Newcombe

    1 2 3 4 5 6

    Tess Parks var 17 år da hun reiste fra Toronto til London for å studere fotografering.

  • Richard Thompson

    1 2 3 4 5 6

    Han er en av Wilco-sjefens favoritter. Ikke rart de fant tonen sammen i studio.

  • De tre musketerer

    1 2 3 4 5 6

    Sommerteater på Hindal gård

  • Vold i lutefiskens tidsalder

    1 2 3 4 5 6

    Statsteatret har en utrolig stilig ide. Halvveis er prosjektet et godt stykke på vei til å lykkes.

  • Å dele ut våpen på lekeplassen

    Londons teaterscene domineres av musikaler. Her er en helt annen forestilling du bør bruke tid på, om du skal til London i løpet av kommende måned: "Oppenheimer".

  • Mitt liv som Sally

    1 2 3 4 5 6

    Kloke tekstforfattere har dempet revypreget og funnet fram til alvoret i "Mitt liv som Sally". Det er flott.

  • Forandring fryder

    Bekymringen for at det ikke skal gå å dramatisere tanker, blir gjort til skamme av Ungdomsteatret.

  • Splatoon

    1 2 3 4 5 6

    Nintendo

  • Rosa sjarmtroll

    1 2 3 4 5 6

    Nintendos Kirby byr på fargerike utfordringer som kanskje passer aller best for de yngste spillerne.

  • Engasjerende zombie-action

    1 2 3 4 5 6

    "Dying light" er verken grensesprengende eller spesielt originalt, men like fullt et fascinerende og underholdende spill.

  • God oppussing av mørkt spill

    1 2 3 4 5 6

    "Majora's Mask" er kanskje et utypisk Zelda-spill, men det er like fullt obligatorisk for fansen.

  • Koselig Mario-spinn off

    1 2 3 4 5 6

    Ved første øyekast kan "Captain Toad" se ut som et Super Mario-spill tilpasset de aller minste. Men det viser seg snart at skinnet bedrar.

Siste nytt

Siste 100 saker