- For mange forlag, bøker og bokhandlarar

Det er for mange forlag, for mange bokhandlarar og for mange bokutgjevingar i Norge, meiner forleggjar Øyvind Wigestrand.

- I oppgangstider er det for lite av alt, frå handverkarar til bokhandlarar. I nedgangstider er det for mykje av alt, og det rammar bokbransjen nå, seier sjefen i Wigestrand forlag i Stavanger.

Han meiner forklaringa på krisa i bokbransjen handlar mest om overetablering og for stor vekst dei siste åra, om sentralisering av bokhandlarkjeder, mindre sjølvstende og fagkunnskap i dei lokale bokhandlarane.

- Det har skjedd ei oppblomstring av forlag dei siste åra og ein enorm vekst i talet på utgitte bøker. Samtidig har ein trudd at ein kunne ha ein bokhandel i kvart handlesenter, seier Wigestrand.

Han meiner krisa som nå rammar bokbransjen - der landets største bokhandlarkjede Norli denne veka blei redda frå konkurs av Aschehoug forlag - reflekterer meir generelle samfunnstrekk. Det som nå vil måtta skje, er ei sunn og nødvendig korrigering etter marknaden.

- Dette handlar ikkje om vertikal integrasjon i bokbransjen - at forlag driv alt frå forleggjeri til boksal. Eg trur ikkje situasjonen hadde vore betre om ein rein finansiell aktør tok over for Aschehoug, Gyldendal eller Cappelen-Damm, seier Wigestrand.

Tendens

Sentralisering, logistikk og integrasjon er ein melodi som blir sungen i mange bransjar for tida, enten det dreier seg om bøker eller om aviser, telekommunikasjon eller energisektoren. Men sentraliseringa av makt i dei store bokhandlarkjedene har si bakside.

- Dei lokale bokhandlarane får bestemma mindre av kva bøker dei tek inn. Samtidig klarer ikkje dei sentrale kjedekontora å handtera alle forlaga som prøver å få kontakt med dei, seier Wigestrand.

Forlaga strevar både med å få kontakt med bokhandlarkjedane sine sentralkontor - og med å sleppa til hos lokale butikkar, som ikkje får lov å kjøpa inn lokale bøker sjølv.

- Men eg trur folk som Geir Mork ser at lokale butikkar har kompetanse på lokalt sal. Og ser han at Gyldendal og Ark går glipp av sal, vil han nok gjera noko med det, seier Wigestrand, som meiner nedlegginga av bokhandlarar som er dømt til å koma kanskje vil opna opp for lokale bokhandlarar utan kjedetilknyting igjen.

Fag

Wigestrand drøymer også om at fagkunnskapen til dei som jobbar i bokhandlane skal nå gamle høgder igjen.

- Akkurat som i sportsbutikken opplever eg at fagkunnskapen til dei som jobbar der er klart lågare enn før. Det er veldig leit at bokhandlarar ikkje held kunnskapsfana høgt, at dei som jobbar i butikkane ikkje alltid har lese mykje eller har god oversikt over litteraturen, seier Wigestrand. Han fryktar ikkje for betalinga for fjorårets bøker.

- Eg trur me kan sova godt med tanke på oppgjer for bokhausten. Alt tyder på at pengane kjem.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kultur

Våt utstilling på Skur 2

13 unge kunstnarar frå både Stavanger og byar i utlandet, stiller ut verk med tema om olje og vatn sida dette er nokre av kjenneteikna ved oljehovudstaden.

Tooji gikk videre til finalen i Eurovision

Norges bidrag til Eurovision Song Contest, Tooji med låten «Stay», har gått videre til finalen lørdag.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Eminem-kompiser på Tou i kveld

Slaughterhouse har selveste Eminem i ryggen. I kveld spiller de på Tou.

Om kvinner og flauser

En drøy måned etter USA-premieren starter Canal+ lørdag visningen av to av vårens nye HBO-serier: den politiske satiren "Veep" og komiserien "Girls".

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest