• FOTO: Lars Idar Waage

Trond Borgen:

– Ingen kunstfaglig sterk person i 2008-planlegginga

– Få utstillingar, manglande heilskaps-tenking, ingen kunstfaglig sterk person i Stavanger 2008 i planleggingsfasen.

Dette var blant momenta Aftenbladets kunstkritikar Trond Borgen trekte fram då han tirsdag kveld deltok på eit debattmøte på Tou Scene om biletkunsten i Stavanger 2008.

– Det var lite internasjonal merksemd rundt kunstprosjekta i 2008 - noko det også var lite grunn til, sa Borgen, som i januar erklærte seg inhabil som kunstkritikar i Aftenbladet fordi avisa var ein av hovudsponsorane bak Stavanger 2008.

– Dermed representerer eg bare meg sjølv, den prinsipielle tenkinga og kritikarstanden, sa Borgen i går kveld.

Rammer

Sjølv om han meiner at ein del av det som er gjennomført i 2008 har vore både grensesprengande og flott, har dette skjedd utanfor biletkunstens rammer - eit perspektiv 2008-sjef Mary Miller ved innleiinga til debattmøtet erklærte seg lynande ueinig i.

– Det er både gammaldags og provinsielt å separera kunstformene. Det går i 2008 ikkje an å seia at dansekompaniet Inbal Pinto bare er scenekunst og ikkje har noko med visuell kunst å gjera, sa Miller.

Borgen har på si side både hatt positive og negative visuelle opplevingar gjennom kulturhovudstadsåret. Han har likt On the Edge og Tou Works 1. Campingkvinnene og Groth-utstillinga på Rogaland kunstmuseum falt også i smak.

Til gjengjeld var Borgen lite imponert over A World of Folk på Sandnes og prosjektet Nabolagshemmeligheter.

Ittepå

Både panelet Borgen, kunstnar Trond Hugo Haugen og programsjef i Stavanger 2008, Anne Britt Strømnes, var likevel mest opptekne av den manglande kulturelle infrastrukturen for biletkunst i Rogaland, og at dette må vera satsingsområdet i tida som kjem, som eit atelierhus.

– Då Graz var kulturhovudstad, bygde dei opp 100 Tou Scener. Stavanger 2008 hadde ein halv Tou Scene, og klarte ikkje å bygga huset skikkelig opp i løpet av året. Produksjonsmiljøa er det viktigaste framover, sa Jan Inge Reilstad, kurator for Nabolagshemmeligheter.

– Det er kunstnaranes eige ansvar å tenka og handla kunstnarisk, ikkje staten eller kommunen, sa Trond Hugo Haugen.


Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kultur

Tooji gikk videre til finalen i Eurovision

Norges bidrag til Eurovision Song Contest, Tooji med låten «Stay», har gått videre til finalen lørdag.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Eminem-kompiser på Tou i kveld

Slaughterhouse har selveste Eminem i ryggen. I kveld spiller de på Tou.

Om kvinner og flauser

En drøy måned etter USA-premieren starter Canal+ lørdag visningen av to av vårens nye HBO-serier: den politiske satiren "Veep" og komiserien "Girls".

Gjett hvor lenge det tok å selge 500 Mods-billetter!

5 minutter, 50 minutter eller 5 timer?

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest