Jonas Gahr Støre:

– Kultur viktig i utanrikspolitikken

Jonas Gahr Støre har i si statsrådstid fordobla Utanriksdepartementets budsjett til kulturtiltak. Torsdag var han i Stavanger og fortalde kvifor.

– Kultur har alltid vore eit element i utanrikspolitikken, men det har ikkje vore politisk prioritert som satsingsområde. Dermed har det også vore ein post ein fort har kutta i, svarer Jonas Gahr Støre når Aftenbladet spør korleis det kan ha seg at det er ein nyheit at UD satsar på kultur.

Gahr Støre var omgjeven av Kjetil Finnes svært så politiske utstilling på Kulturtorget på Sølvberget. Finne har fotografert hovudskallar og kopla dei til israelske statsleiarar og nybyggarområde på Vestbreidda. Utstillinga har fått namn etter Cliff Hotel - som er konfiskert av israelske styresmakter.

– Eg har sjølv prøvd å besøka Cliff Hotel saman med eigarane, det er ei grov sak, sa Gahr Støre.

Politisk kunst?

Dermed stod politikaren midt i den politiske kunsten - som kommenterer eit viktig felt i norsk utanrikspolitikk.

– Men eg meiner at kulturlivets rolle i moderne utanrikspolitikk ikkje nødvendigvis er påverknad. Kulturen skal ikkje vera eit reiskap for politikken, men heller skapa eit rom der ein kan møtast, sa Gahr Støre.

Kultur er ein viktig del av det norske fotavtrykket, og dermed sentralt å ha med seg for dei som skal utøva politikk, meiner Gahr Støre. Han ser fire kvalitetar ved kulturen som kan vera nyttige i eit utanrikspolitisk perspektiv:

– Kulturens språk er universelt. Musikk, dans og teater overgår diplomatspråket, og kan opna fleire dører enn politikarar kan, sa Gahr Støre.

Han meiner også at kulturlivet kan bidra med kreativitet og djup refleksjon, og at kunstens globale karakter skaper lokalt høyre til og samtidig gir innsyn i andre kulturar.

– I tillegg kan kunstnarar - som få andre - peika på urett.

Utfordring

Sjølv om han var svært tydeleg på at UD og politikarar ikkje skal leggja seg ut i innhaldet i kunsten, hadde Gahr Støre ei utfordring til kulturfolket, inspirert av ein kronikk i Dagbladet om kulturfolkets manglande engasjement i klimaspørsmålet - og eit tidlegare møte med Dag Solstad.

– Etter at Solstad hadde kritisert meg, spurde eg kor han er i forhold til dagens politiske tema – sidan eg føler at han er meir oppteken av gårsdagens spørsmål. Eg fekk ikkje noko klart svar, humra Gahr Støre.

Med seg til Stavanger for å diskutera kulturens rolle i utanrikspolitikken hadde Gahr Støre med seg kunstnarar og kulturarbeidarar som har arbeidd på tvers av landegrensene.

Khalid Salimi kom til Norge frå Pakistan på 1970-talet og er i dag kunstnarisk leiar for Horisont og Melafestivalen. Han syns det er på tide å slutta å snakka om å bygga bruer.

– Me må heller innsjå at me lever på den same øya, sa Salimi.

Bruer?

Verdsmusikaren Malika Makouf Rasmussen har bakgrunn frå Algerie, Frankrike og Norge, og skulle ønska seg fleire tilsette i UD med kunstnarisk bakgrunn. Luba Kuzovnikova frå Kirkenes meiner det framleis fins grenser - og dermed behov for å bygga bruer.

– Dersom det å bygga bruer over grenser er politikk, så driv me politikk i våre samtidskunstprosjekt, sa Kuzovnikova.

Kjartan Fløgstad syns det er ein dårleg idé med for tette band mellom kultur og politikk.

– For nær kontakt mellom Kunsten og Det muliges kunst kan blant anna dempa noko av evna til fundamental kritikk, sa Fløgstad, som heller ikkje vil ha noko ytre innblanding i kva han skal skriva om, verken av kronikkskribentar eller ministrar.

Gahr Støre var samd.

– Kultur er ein viktig del av det utanrikspolitiske fokuset. Men at politikarar skal blanda seg inn i innhaldet høyrer ikkje heime i vår politiske kultur.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Kultur

Mer Renberg til Frankrike

Nå er også Tore Renbergs roman «Pixley Mapogo» solgt for utgivelse i Frankrike.

Matte er også kultur

Matte var skuespiller Ole Tellefsens verste fag. Nå turnerer han Rogaland rundt med et selvskrevet musikalsk teater om matematikk.

Mods-historien blir tv-serie

TV Vest dokumenterer hele Mods-historien kronologisk, til en tv-serie som skal vises i vår.

Dogmekunst på vandring til Operaen

Har du noen gang lurt på hva teaterskuespillerne gjør i pausen mellom første og andre akt? De maler. I hvert fall noen av dem.

Kaizers for fulle hus i Egersund

Første gang Kaizers hadde konsert i Egersund kom det to mann. Denne gangen var det litt flere.

Relaterte bilder

FOTO: Lars Idar Waage

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest