Marit Egaas er godt nøgd med Kapittel 08, men syns det er deprimerande at akademikarane på Gjestfridom-symposiet ikkje snakka så andre forsto.
AV: jan zahl
– Eg syns det er deprimerande når det kjem folk som har så mange spennande tankar rundt internasjonale spørsmål, men som ikkje klarer å kommunisera på ein måte som vanlige, samfunnsinteresserte folk eller politikarar klarer å forstå eller gjera bruk av, seier kulturhussjef Marit Egaas i Stavanger.
Denne veka har debatten gått om årets Kapittel-festival. Tore Renberg har kritisert festivalen for å å vera for ullen og spreidd, Knut Hoem i NRK har kritisert mangelen på lokale tema og at ein tilsynelatande må dra så langt bort som mulig for å finna noko som virkar «viktig» nok.
– Spenningsfeltet mellom det lokale og det internasjonale har heile tida lege under Kapittel-festivalen. Men i år synes eg me fekk til ein ganske god miks, seier Egaas.
Ho viser til at Kapittel fleire tidligare år har diskutert olje og Statoil, her har vore utstilling om både nordsjødykkarar og horene på Strandkaien.
Symposium
Men det akademiske symposiet mandag og tirsdag i Kapittel-veka er ho einig i at blei både fjernt og ullent. Eller «for akademisk», som Egaas formulerer det.
– Eg hadde håpa at symposiet kunne vore meir av ein brubyggar mellom dei akademiske miljøa og vanlige folk. I eit vidare samarbeid med Universitetet i Stavanger er det ei utfordring å få dette betre til, seier Egaas.
Ho er glad for at Kapittel har fått til eit samarbeid med UiS, og syntes Thomas Hylland Eriksen kommuniserte både forståelig og interessant, men mykje av det andre som blei sagt på symposiet gjekk langt over hovudet på dei fleste i salen.
Bru
–Eg har ambisjonar om at Kapittel-festivalen skal kunna bygga ei bru mellom akademia og samfunn, seier Egaas.
– Korleis gjer ein det?
– Utfordringa ligg både hos akademia og publikum. Me må jobba med forma på dette, med bestillingane me sender til føredragshaldarane. Og når ein skal diskutera viktige samfunnsspørsmål, er det også ei utfordring å få med politikarar. Men dei har ikkje tid til å sitja to dagar på seminar.
– Men du er ikkje enig med Tore Renberg i at profilen på Kapittel er uklar og at Stavanger i staden treng ein tydeligare litteraturfestival?
– Eg ser at profilen kan vera uklar. Men det er ei utfordring når me redigerer programmet, i å flagga tydeligare kva dei ulike arrangementa er. Men me ønskjer å halda fast på den internasjonale profilen.
Kommentarer