FOTO: Knut S. Vindfallet
Gjer dystre ungdomsbøker lesarane dystre til sinns, eller er det bra med ungdomsbøker om sjølvmord?
AV: jan zahl
Seks elevar ved St. Olav vidaregåande skule i Stavanger har fått i oppdrag av barne- og ungdomslitteraturkonferansen «Maktens pluttifikasjon» å lesa seks ungdomsbøker om sjølvmord. Aftenbladet møtte fem av dei for å høyra kva dei unge sjølv meiner om dei dystre bøkene.
LES OGSÅ:
- Sjølvmordstala ligg høgt i Norge - og aukar. Ungdomsbøker må spegla samfunnet, og skriva om ting slik dei er, seier Jan Petter Neverdahl (17).
- Ungdomsbøkene må også visa dei mørke sidene, stemmer Nora Wanvik (18) i.
- Sjølvmord er eit viktig tema å ta opp fordi mange slit med tankar om temaet. Bøkene kan vera ei motvekt til mediebiletet av at unge skal vera glade, talentfulle og pene. Mange har eit lågare sjølvbilete, og då kan det vera greitt å lesa bøker som viser at det finst andre som tenkjer som deg, seier Ida Margrethe Neverdahl (17), som i gårsdagens Aftenblad hadde ein kronikk der ho kraftig imøtegjekk barnebokkritikken til Frp-politikaren Inge Håvard Aarskog, som har kritisert moderne barnebøker for å vera for makabre, for abstrakte, for politiske - og meiningslause.
Smitte?
- Media har som grunnregel å vera svært varsame med å omtala sjølvmord, blant anna av frykt for at det skal «smitta». Kan bøker om sjølvmord smitta?
- Bøkene viser kor hardt det er for dei rundt den som tek livet sitt, og viser veldig tydeleg at sjølvmord ikkje er svaret på noko som helst, seier Nora.
- Her er ingen skildringar av korleis sjølvmordet blir utført, inga oppskrift. Her er heller inga framstilling av sjølvmordet som noko heltemodig løysing på problema. Bøkene handlar heller om smerte og om kjærleik, seier Elana Saltvedt (18).
- Før eg begynte å lesa, tenkte eg at dette kom til å bli dystre greier. Men slik var det ikkje. Bøkene går veldig nært på, men er ikkje oppfordrande på nokon måte. Samtidig er dei ikkje belærande, men heller påminningar om å tenkja seg betre om - og ei hjelp til å kunna sjå andre, ta kontakt, spørja, bli snillare, meir open, seier Jan Petter.
- Gjer bøkene sjølvmordet meir forståeleg?
- Nei, det framstår som så meiningslaust. Sjølv om her er problem med familie eller andre ting, svarer Nora.
- Problema er ikkje store nok til å vega opp for sjølvmordet, seier Judith Wong (18). Ho trudde ho kanskje ville bli litt deprimert av å lesa bøker om sjølvmord, men blei det ikkje.
Tema?
- Er sjølvmord eit tema de vanlegvis diskuterer?
- Det er ikkje ein samtale som varer veldig lenge, seier Jan Petter.
- Folk ville kanskje lurt litt om du ville snakka veldig mykje om sjølvmord, seier Nora.
- Fordi sjølvmord er tabu eller fordi det ikkje er så mykje å seia?
- Begge delar, svarer Nora.
- I min omgangskrets er det eit tema ein ikkje skal snakka om. Det syns eg er litt teit. Hadde eg slite med slike tankar ville eg kjent meg endå meir skiten om me ikkje kunne snakka ope om dette, seier Ida Margrethe.
- På psykologstudiet diskuterte mor korleis ein kan finna ut om folk tenkjer på å ta livet sitt. Svaret deira var: «Spør! Ver open! Undersøk!», seier Elana.
Tett på
Ungdommane har opplevd at ein elev ved St. Olav tok livet sitt, og har altså hatt temaet tett på livet. Det har også skjedd sjølvmord i familien til både Elana og Nora, men for lenge sidan. Ingen av dei fekk vita særleg om det før dei kom i tenåra
- Det gjorde det eigentleg bare meir mystisk, seier Elana.
- Når det ikkje blir sagt noko, kjennest det som om dette ikkje kan snakkast om, seier Nora.
-Vaksne sparer enkelte tema for ungane fram til dei blir store nok til å handtera temaet - enten det gjeld bøker eller samtalar?
- Foreldra må vurdera dette sjølv, når ungane er mogne nok, seier Jan Petter.
- Det kjem veldig an på personen. Mange les bare for underhaldninga sin del. Då kan ei bok om sjølvmord bli feil, seier Nora - som sjølv jobbar i bokbutikk.
- Ein bør ikkje pressa det på nokon, men vera meir opne, slik at folk veit at dei kan snakka om det om dei har behov, seier Ida.
- Og då er det bra at det finst bøker om temaet, seier Nora.
- Har de teke skade av å lesa dystre sjølvmordsbøker?
- Nei!
BØKER: Dette er bøkene super- lesarane ved St. Olav les: «Fengsla» av Hilde K. Kvalvaag «Alltid Andrea» av Tor Fretheim «Søkeord: Ayonzintli» av Marit Kaldhol «13 gode grunner» av Jay Asher «De fortapte barns frelser» av Iphil «Alt som er galt» med Georg av Hilde Hagerup.
Kommentarer