- Ute etter å sensurera

Jan Chr. Næss, som har skrive Norges første splatterbok for barn, meiner Inge Håvard Aarskog er ute etter å sensurera det han ikkje likar når han krev tydelegare grenser i barnelitteraturen.

- Eg ville blitt meir bekymra om bøkene mine blei omfamna av folk som Aarskog, seier Jan Chr. Næss.



I tysdagens Aftenblad gjekk Frp-politikaren Aarskog ut og erklærte Næss sine to barnebøker «Teodor Sterk - en trist og blodig fortelling» og «Hevn» som «søppellitteratur».



- Kvifor ville du blitt bekymra?



- Fordi han har eit verdisyn og ein del haldningar eg ikkje er i stand til å identifisera meg med. Sjølv om han påstår at ein skal kunna skriva om kva som helst, er han ute etter å sensurera det han ikkje likar. Eg har ikkje noko som helst sympati for eit slikt standpunkt, svarer Næss.



Provokasjon



Mens Aarskog klagar fleire moderne barnebokforfattarar for å bruka sterke verkemiddel for å provosera og få merksemd, avviser Næss at han er ute etter å provosera. Han er tvert om overraska over at nokon lar seg provosera.



- Alle vil jo ha merksemd, men då vil eg ha det for å ha skrive ei god bok, seier Næss, som meiner verkemidla han nyttar er småtteri samanlikna med kva ungdom har sett på internett eller film.



- Eg har aldri høyrt Frp villa forby skrekkfilmar. Det er bokmediet som får dei til å sjå raudt.



- Skrekk- og splatterfilmar har aldersgrense. Burde barnebøker i same sjanger vera tydelegare merka med alder?



- Nei. Alle desse bøkene blir formidla gjennom kanalar styrde av vaksne, enten det er skule, bibliotek eller bokhandlarar. Så då får dei vaksne ta ansvar. Mora som lånte «Glassklokken» er rimeleg dum om ho ikkje sjekkar kva bok ho har med til barnet sitt, seier Næss.



Flott!



Bjørn Arild Ersland fekk også kritikk i gårsdagens avis. Aarskog meiner Erslands bok «Glassklokken» er makaber - og sluttar midt i historia.



- Eigentleg er det heilt flott at Aarskog seier dette. Eg trur mange kan vera einige med han, og eg syns ikkje han tek 100 prosent feil, seier Ersland.



Han er ute på ein tre og ei halvvekes skuleturné i Vest Agder, der han dagleg les frå «Glassklokken».



- Eg syns ikkje «Glassklokken» passar for små ungar, verken i barnehage eller dei tre første åra på barneskulen. Eg bruker boka i tiande klasse, som døme på at ein kan skriva ganske kompliserte forteljingar med lite tekst. Det er ikkje ein lyd i klassen når eg las. Og masse applaus etterpå.



- Burde boka vore tydelegare merka med at ho ikkje eignar seg for mindre barn?



- Nei. Vaksne bør vera forsiktige når dei vel barnebøker og lesa dei på førehand sjølv.



Rarast



Arne Svingen er ein av landets mest aktive barne- og ungdomsbokforfattarar. Han har skrive både om grøss og gru før, i eit ganske friskt språk, og har vore gjennom fleire debattar om barnebøker.



- Eg har opplevd mange rare reaksjonar på det eg har skrive, men at VG skulle ha betalt for å vera med i ein grafisk ungdomsroman må vera den raraste reaksjonen til nå, humrar Svingen.



Han seier det er veldig typisk at vaksne i blant reagerer og slår i bordet på vegner av alle barn.



- Men når du har vore rundt i nokre tusen klassar og møtt lesarar, så er ikkje akkurat det gjennomgåande problemet at barn og unge syns at bøkene går for langt. Tvert om: Dei saknar at barnebøkene er tøffare, og eit språk som ligg nærare slik dei faktisk snakkar, seier Svingen.



Unntaket er Sørlandet og delar av Rogaland, der han av og til får spørsmål om kvifor det er så mykje banning i bøkene.



Foreldre



Svingen fortel at veldig få lærarar eller bibliotekarar reagerer på bøkene hans, men altså enkelte foreldre.



- Eg har fått nokre sinte brev. Då blir eg veldig nøgd, for det viser at eg har klart å engasjera nokre vaksne også, seier Svingen.



Han meiner Aarskogs utspel har omtrent heilt motsett av effekt av det som sannsynlegvis er meininga.



- Det finst ikkje betre marknadsføring overfor barn og unge enn å peika på visse bøker og seia at «dei må du ikkje lesa». Særleg gutar vil lesa slike «forbodne» bøker, seier Svingen.



- Hadde Aarskog reist rundt på skulane, halde opp bøker og sagt at ungane for all del ikkje måtte lese desse, er det tusen gonger betre reklame for desse bøkene enn når ein bibliotekar fortel ungane at «Denne må du lesa!».



Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kultur

Tooji gikk videre til finalen i Eurovision

Norges bidrag til Eurovision Song Contest, Tooji med låten «Stay», har gått videre til finalen lørdag.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Eminem-kompiser på Tou i kveld

Slaughterhouse har selveste Eminem i ryggen. I kveld spiller de på Tou.

Om kvinner og flauser

En drøy måned etter USA-premieren starter Canal+ lørdag visningen av to av vårens nye HBO-serier: den politiske satiren "Veep" og komiserien "Girls".

Gjett hvor lenge det tok å selge 500 Mods-billetter!

5 minutter, 50 minutter eller 5 timer?

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest