2008-evalueringen: Næringsliv og politikere

- Involverte distrikta

Elfin Lea (H), ordførar i Klepp kommune.

PLUSS: - Noko av det eg syns var positivt, var at ein klarte å involvera distrikta, seier Elfin Lea (H), ordførar i Klepp.

Han trekkjer fram «Spor i sand» nede på Orrestranda som høgdepunktet for Klepp kommune. Garborgsitatet «No er eg heime att» blei skrive med runeskrift i sand, før 2700 barn frå jærkommunane kom inn med sine bidrag.

- Vi følte oss godt deltakande, seier Lea, og legg til at dei i tillegg hadde sitt eige supplement, kulturprosjektet«Spor», eit samarbeid mellom kommunane Time, Klepp, Hå og Gjesdal.

- 2008 har vore eit flott løft for kulturen på Jæren, slår han fast.

- Kjem «Spor» til å hala fram?

- Nei, dei andre kommunane har trekt seg ut. Klepp blei ståande aleine igjen, dermed blir det nedlagt. Dessverre. Eg ville gjerne ha framleis, eg meiner det hadde mange fordelar.

MINUS: Å setja fingeren på noko negativt syns han er vanskeleg
- For eg meiner det har vore noko for kvar ein smak her. Skulle ein trekkja fram noko negativt, må det vera dei som ikkje har mega seg til å oppsøkja det dei interesserer seg for.

KONKLUSJON: - Dei aller største opplevingane var utandørs. Som i Gloppedalsura, eller Haugtussavandringa.

- Det tyder kanskje på at nordmenn er lettare å trekkja ut på ting enn inn?

- Ja, det er noko der. Men det var verkeleg mange flotte opplevingar. Dei er det viktig å ta vare på, seier Lea.Sitat:
Skulle ein trekkja fram noko negativt, må det vera dei som ikkje har mega seg til å oppsøkja det dei interesserer seg for.

Ordførar Elfin Lea (H), Klepp
Bildetekst: Fornøgd: Elfin Lea.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra 2008

Relaterte bilder

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest