• FOTO: Signe Christine Urdal

Fullt for Himlaleite

Hotell, hytter og hus i Sauda er stappfulle før det brakar laus med Himlaleite-show i kveld. Bygda vil syda av liv og røre frå og med i dag til og med søndag.

Alle hotella i industribyen er stappfulle, campingplassar og hytter likeeins. Privatpersonar har leigd ut både hytter og hus i samband med arrangementet. Når siste førestilling er ferdigspela søndag kveld vil rundt 4000 menneske har fått med seg «Mot Himlaleite». Dei tre første førestillingane er alle utselde.

Skeptikarar rekna i forkant med at ein var heldig om ein fann 200 personar som ville ta seg bryet med å gå oppover i fjellheimen mot Djuvsbotn for å sjå på samtidskunst.

Prèmiera finn som nemnt stad i kveld. Dei som skal av garde må kle seg godt, for det kan bli kaldt å sitja i eit snøamfi 600 meter over havet, minner arrangørane om. Alle deltakarane vil elles få servert varm drikke (gratis).

Ekstrabåt

Det går ekstrabåt frå Stavanger dei fire dagane førestillinga går. I Sauda er det sett opp ekstrabussar frå sentrum og opp til Sauda skisenter. Det er også råd å kjøra privatbil opp til skisenteret.

Frå skisenteret må dei aller fleste ta seg opp til arenaen i Djuvsbotn for eigen motor. Det kan skje anten til fots eller med ski på beina. Dei som har ski tek trekket opp til inngangsportalen (turen tek cirka seks minutt). Derfrå er det ein gåtur på 500 til 700 meter inn til sjølve arenaen. Dei som skal gå må rekna med å bruka ein halvtime på turen.

For menneske som er dårlege til beins, vil det bli sett opp busskyss til Djuvsbotn.

Anne Berentsen i Kulturmeglerne, fortel at rundt 30 pressefolk er akkrediterte til arrangementet. Blant desse er fem-seks franske journalistar og tv-kanalen CNBC. Kanalen er amerikansk, men har sin eigen europeiske avleggar. CNBC er eigd av NBC. Elles har både NRK, NTB, regional -og lokalpresse meldt sitt kome, opplyser Berentsen.

Ustabilt ver

Så spørst det om dei kongelege også dukkar opp...

Vêrmeldinga for Himlaleite- førestillingane er vekslande. Torsdag kveld skal vêret visst-nok halda seg i skinnet, men det kan bli verre frå fredag og ut helga.

Men arrangørane trøystar seg med at den kunstnariske opplevinga truleg blir endå sterkare i ruskevêr. Og for eventuelle etternølarar så er det ennå nokre ledige sete att til førestillinga søndag 9. mars, fortel Anne Berentsen.

Les om Mot Himlaleite på vår 2008-wiki!

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra 2008

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest