-
FOTO: Jonas Haarr Friestad
Mary Miller slår tilbake
- Me har laga ei ærleg bok, seier Mary Miller om Stavanger 2008 si bok om seg sjølv. Både media og ein del lokale kunstnarar får passet sitt tydeleg påskrive.
AV: jan zahl
«Ett prosjekt i visuell kunst (...) klaget over å måtte undertegne en kontrakt. De satte nesa i været: kunstnere var hevet over slikt. For oss var dette en plage, og vitnet om den verste typen "stor fisk i liten dam"-mentalitet. Arbeidet med våre internasjonel ensembler var slående annerledes. Mange av dem er verdensledere på sitt felt, men de var enormt stolte over å være del av Stavanger2008-programmet.»
Dette står å lesa i Stavanger 2008 si bok om seg sjølv, om prosessen fram mot, og gjennomføringa av, historias største kulturarrangement i Norge.
- Me ville ikkje laga ein tørr rapport, men laga ei ærleg bok som reflekterer visjonen vår: Open Port. Dermed er boka kritisk, full av ros, full av humor, sa Stavanger 2008-sjef Mary Miller då ho i går presenterte boka.
Spiss
Mens tradisjonelle årsmeldingar er tannlause greier, frie for kritikk og skarpe kantar, inneheld 2008-boka begge delar.
- Heilskapen i boka er positiv. Eg syns ho er balansert, seier Miller, som i tillegg til sjølvkritiske blikk på 2008-organisasjonen og feil som blei gjort undervegs i prosessen fram mot kulturhovudstadsåret også avleverer kritiske visittar til lokale kunstnarar og medier.
Boka fortel om ein ganske vanskeleg veg fram mot presentasjonen av programmet og gjennomføringa av sjølve året. Kritiske medieoppslag, sterkt press utanfrå om å forklara kva ein faktisk skulle gjera og sutrande lokale kunstnarar, kombinert med ein organisasjonsmodell som ikkje fungerte, gjorde det tøft å jobba i Stavanger 2008.
Lokalt
Fleire lokale kunstnarar har kritisert Stavanger 2008 for å ha importert dei store happeningane utanfrå, mens dei som bur og arbeider med kunst og kultur her i regionen ikkje fekk den utteljinga dei ønskte.
I boka skriv Miller at forventningane til Stavanger2008 var urealistiske blant ein del kunstnarar, som nærmast meinte dei hadde krav på pengar til prosjekta sine. Men dei færraste fekk støtte, sidan Stavanger 2008 meinte søknadane ikkje tilfredsstilte kriteria dei hadde sett opp.
- Det fins lokale kunstnarar eg har brukt timesvis på, og som eg har bede om å levera idear. Men det kom ingenting, seier Miller.
- Du framstiller enkelte lokale kunstnarar som bortskjemde småungar. Er det representativt for biletet ditt av kunstnarane i Stavanger-regionen?
- Nei. Hundrevis av lokale kunstnarar såg på Stavanger 2008 som ein fantastisk sjanse, og deltok entusiastisk. Det var bare ein handfull som såg det annleis. Moglegheiten var der for alle – men det var opp kvar enkelt om ein ville vera med.
Alle veit om seg sjølv
- I tråd med målet om å vera ærleg og open: kvifor namngir du ikkje kunstnarane du kritiserer, som dei lokale dansekompania du skriv at ikkje mottok Inbal Pinto særleg godt?
- Skulle eg namngi dei det ikkje fungerte med, måtte eg også namngitt alle dei me jobba godt med. Men dei eg skriv om veit veldig godt sjølv kven dei er.
- Har du sett fram til dagen du verkeleg kunne seia kva du meinte om oss journalistar, kunstnarar og andre involverte i dette prosjektet?
- Det er ei tid for alt. Jobben vår var å levera året me hadde lova. Nå er tida komen for å levera refleksjonen.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra 2008
Relaterte bilder
FOTO: Jonas Haarr Friestad
På forsiden nå
Siste saker
- Se bisettelsen av Gunnar Sønsteby direkte
- Lerang blir i Viking
- Søppelet i sentrum fjernes
- Uvisst hvilke barnehager som stenger
- - Foreldre uten grenser kan skade barna
- Hvor godt kjenner du treneren din?
- Våt utstilling på Skur 2
- Lei av å finne sprøytespisser og kondomer
- Statoil ut av Sjtokman?
- 600 solgte før bilen forlot fabrikken
- Biffsauté med asparges
- Pass på båten i helga
- Korrupt president bak årets MGP
- Ingen fare for brune dunker
- Politimann siktet for tre voldtekter
- 1000 nye ut i streik
- Nav sjekker Facebook for å avsløre juks
- På tide å komme seg til Bynuten
- Politiet inntar tingretten
- Nedlagt flyplass er blitt ny favorittpark
Mest lest
- Førskolelærer i 35 år – årslønn: 421.200 kroner
- Henla voldtektssak, glemte å varsle offeret
- Trening med høy temperatur
- 1000 nye ut i streik
- Lei av å finne sprøytespisser og kondomer
- Politimann siktet for tre voldtekter
- «Grusomt oppussingsobjekt med kjempepotensial!»
- Nå kan du gå på ski i shorts
- Dyrere boliger med Lyses fjernvarme
- Krever at Stortinget utsetter Ryfast
- Skjelte ut politiet og havnet i arrest
- Knuste bydelsmeningen
- Tre oljefelt kan bli streikestengt
- Lettere skadet i trafikkulykke i Gjesdal
- Brenn det? Hiv på bensin!
Kommentarer