Prosjektleiaren i Norwegian Wood ser paradokset

- Utgangspunktet til Norwegian Wood er at Stavanger er den største trehusbyen i Europa, seier prosjektleiar Grete Kvinnesland.

- Og hovudfokuset vårt er å vidareutvikla trehustradisjonen, finna gode, nye måtar å byggjar i tre på.



Motsetning

I Aftenbladet i går peika SV-politikar Marcela Molina på motsetninga mellom kommunen si satsing på 2008-prosjektet Norwegian Wood på den eine sida, og rivinga av fleire gamle trehus på den andre.



- Eg ser tydeleg det paradokset. Det er absolutt på tide å seia at Stavanger kommune må vera veldig bevisste på korleis ein forvaltar dei trehusa ein har, seier Kvinnesland.



- Kommunen har sagt at dei skal forvalta og vidareutvikla trehustradisjonen, det ansvaret må dei vera bevisste på. Det er viktig å ivareta sin eigen kulturelle identitet.



Marknadskreftene

Kvinnesland understrekar at det har blitt gjort mykje godt, systematisk arbeid i kommunen.



- For eksempel når det gjeld å bevara sjøhusrekkja. Men så er det å stå imot marknadskreftene i enkeltprosjekt, då. Det skal vera gode grunnar til å riva trehus. Og det finst ein del eksempel frå nyare tid der dette ikkje kan forsvarast, skalaen blir for stor og kvaliteten for dårleg.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra 2008

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest