-
KALDT MEN KULT: Å laga til ei utandørs oppsetjing midtvinters krev mykje både av utøvarar og publikum. Vårt råd til dei 4000 som skal sitja i amfiet er å kle seg svært godt, ikkje minst på føtene. Då vil ein få ei makelaus oppleving. Vintershowet «Mot Himlaleite» har premiere førstkomande torsdag.
FOTO: Thomas Fosse
Sauda fikk ein smakebit av Himlaleitet i eit himla vêr
Vintershowet «Mot Himlaleite» er resultatet av ein skitur Mary Miller hadde i Sauda, og provet på at kulturbyåret dreier seg om mykje meir enn Torget i Stavanger.
AV: heidi hjorteland
Utsegna kom frå informasjonssjef Bente Aae i Stavanger 2008 like før ei busslast pressefolk blei frakta opp til Djuvsbotn i Svandalen for å få eit lite glimt av kva kultur kan vera i møte med ein eigenrådig og skiftande vestlandsvinter.
SNART PREMIERE: «Mot Himlaleite» har premiere førstkomande torsdag. Det vil bli fire førestillingar. Tre er utselde, men det er enno billettar att til søndag 9. mars. Det er plass til rundt 1000 tilskodarar kvar kveld.
- Eg trur ikkje eit auge er tørt når torsdagen kjem. Dette arrangementet er eit av hjartebarna våre, påpeikar Bente Aae.
Arrangementet er også eit av dei største som blir arrangert i løpet av kulturbyåret. Pengebudsjettet er på 9,5 millionar kroner. I tillegg kjem verdien av dugnadsinnsatsen frå nesten kvar familie i Sauda.
Totalt er 900 frivillige med for å få i hamn dette gigantiske og ville vinterstuntet.
AVLYSER IKKJE: Og showet blir ikkje avlyst uansett vêr.
- Kjem publikum, dansar me, lovar koreograf Leif Hernes i Dansdesign.
Vêret er såleis ein del av gamet og lyssettinga blir faktisk ekstra stilig i tåke, og vêrtrøbbel blir rett og slett berre ein del av førestillinga, blir det sagt. Men arrangørane er storbrukarar av yr.no, og har for lengst funne ut at torsdag 6. mars er avmerka med opphaldsvêr.
Dei 13 dansarane i Dansdesign smiler uansett det dei vinn mens snø og hagl piskar kinna deira, mens dei buktar og vrir seg gjennom skumringa. På bakkekammen ventar jibbarane på å få setja utfor. Oppvisinga blir avslutta med eit kjelkestunt av balansekunstnaren Eskil Rønningsbakken. Han renn nedover ståande på hovudet med sprikande bein.
AMFI I SNØ: I mens går to menn og spar fram amfiet i snøen. Amfiet blei laga for nokre veker sidan, men snør det, må det jamleg gravast fram att.
Smakebiten blei vist før det blei mørkt, difor fekk me ikkje sjå lyskunsten som er ein viktig del av oppsetjinga. Ved å bruka Norges to kraftigaste projektorar vil snøen bli brukt som eit gigantisk lerret. Nykomponert musikk og korsong vil også inngå.
Lokale kulturaktørar vil kransa bakken som publikum må forsera opp til Djuvsbotn, slik at opplevinga startar med det same ein kjem til foten av skitrekket.
Nå lurer alle på om dronninga eller kronprinsparet kjem. Førebels har Slottet ikkje svara på invitasjonen.
Les om «Mot himlaleite» på vår 2008-wiki! (og finn kart til Djuvsbotn)
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra 2008
På forsiden nå
Siste saker
- Se bisettelsen av Gunnar Sønsteby direkte
- Lerang blir i Viking
- Søppelet i sentrum fjernes
- Uvisst hvilke barnehager som stenger
- - Foreldre uten grenser kan skade barna
- Hvor godt kjenner du treneren din?
- Våt utstilling på Skur 2
- Lei av å finne sprøytespisser og kondomer
- Statoil ut av Sjtokman?
- 600 solgte før bilen forlot fabrikken
- Biffsauté med asparges
- Pass på båten i helga
- Korrupt president bak årets MGP
- Ingen fare for brune dunker
- Politimann siktet for tre voldtekter
- 1000 nye ut i streik
- Nav sjekker Facebook for å avsløre juks
- På tide å komme seg til Bynuten
- Politiet inntar tingretten
- Nedlagt flyplass er blitt ny favorittpark
Mest lest
- Førskolelærer i 35 år – årslønn: 421.200 kroner
- Henla voldtektssak, glemte å varsle offeret
- Trening med høy temperatur
- 1000 nye ut i streik
- Lei av å finne sprøytespisser og kondomer
- Politimann siktet for tre voldtekter
- «Grusomt oppussingsobjekt med kjempepotensial!»
- Nå kan du gå på ski i shorts
- Dyrere boliger med Lyses fjernvarme
- Krever at Stortinget utsetter Ryfast
- Skjelte ut politiet og havnet i arrest
- Knuste bydelsmeningen
- Tre oljefelt kan bli streikestengt
- Lettere skadet i trafikkulykke i Gjesdal
- Brenn det? Hiv på bensin!
Kommentarer