2008-evalueringen:

Stavanger 2008 får millionoverskot

Driftsdirektør Cornelius Middelthon torer ikkje stadfesta det 100 prosent ennå. Men alt tyder på millionoverskot for Stavanger 2008.

– Går ting stong inn bør det vera mogleg med 2-4 millionar kroner i pluss. Men det går eit par veker før me veit det heilt sikkert, seier driftsdirektør Cornelius Middelthon til Aftenbladet.

På første kvardag etter den offisielle avslutninga av kulturhovudstadsåret har ikkje Middelthon fått snakka med produsenten for avslutninga, han må ta ein diskusjon med Lyse om straumen til avslutningsfesten og han må gå endeleg gjennom totalen før han torer å konkludera 100 prosent sikkert. Men han er altså rimeleg trygg på at Stavanger 2008 ender opp med eit sekssifra beløp i overskot.

– Det kjem framleis inn fakturaer frå tidlegare arrangement. Me trur ikkje det kjem nokon store bomber. Men sjølv om me meiner å ha god kontroll, seier erfaringa oss at alt må vera på plass før me set to strekar under svaret, seier Middelthon.

Til fond?

– Kva skjer med pengane som blir til overs - går dei inn i Ittepå-fondet?

– Dei blir liggjande att i selskapet, og så blir det opp til eigarane og styret å vurdera kva dei vil gjera med overskotet, seier Middelthon, som nok likevel vil kunna bidra med eit par innspel frå Stavanger 2008-administrasjonen.

– Det kan henda me tilrår styret å setja av noko meir pengar til å utarbeida ein rapport etter kulturhovudstadsåret. Det har me lite pengar til akkurat nå.

Til Stavanger?

I tillegg har ein av eigarane til Stavanger 2008 - Stavanger kommune - skote inn 14 millionar ekstra i 2007 og 4,5 millionar ekstra til avslutningsseremonien.

– Om Stavanger kommune skal få tilbake noko av det dei skaut inn av ekstra kapital, er opp til styret og dei to andre eigarane. Men mi personlege meining er at det ville vera rimeleg med ein porsjon rausheit her, seier Middelthon, og held fram:

– Hadde me visst det me nå veit, hadde me spurt Stavanger kommune om 2,5 millionar ekstra til avslutninga, og ikkje 4,5 millionar kroner.

Kontroll

Middelthon har også lagt fram tal og prognosar for Kulturdeparementet i førre veke. Departementet er svært oppteke av økonomistyring, og har nok opplevd sin skjerv av store kulturarrangement som ikkje held budsjettet eller går i pluss.

– Kan me visa dei at me har litt pengar igjen, er det positivt for kulturlivet generelt og den oppfatninga enkelte kan ha til slike prosjekt som dette. Det er me glade for og stolte av. Samtidig som det bare skulle mangla at me ikkje hadde styr på økonomien, seier Middelthon.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra 2008

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest