• FOTO: Lars Idar Waage

Strategidirektør Rolf Norås i 2008:

- Det må kjennast at det er her det skjer

- Byar som har lykkast i å få langvarig effekt av eit kulturhovudstadsår, har hatt full oppslutning frå kunstlivet lokalt, seier Rolf Norås. Programmet til 2008 vil han ikkje ta ansvaret for.

- Det er avgjerande å få til ein fornuftig balanse mellom artistar som blir henta inn utanfrå, og det lokale kunst- og kulturlivet, seier strategidirektør Rolf Norås i Stavanger 2008. Han snakkar om kva som skal til for å få ein langvarig effekt ut av eit kulturhovudstadsår.

- 2008 skal ikkje bare vera litt meir av det same som skjer i andre år, det er opplagt ei misforståing. Difor må det vera plass for det nye, det vi ikkje visste at vi ville ha, det vi på førehand trudde vi ikkje ville lika, det vi lar oss røra av og bli utfordra på. Å treffa den balansen er heilt avgjerande. Når eg spør andre kulturhovudstader kva dei ville ha gjort annleis, så er det ofte det dei trekkjer fram. Spesielt dei som ikkje har lykkast. Dei klarte ikkje å finna den balansen.

Programmet

- Korleis syns du denne balansen er teke vare på i 2008 sitt program?

- Det er vanskeleg å seia. Eg jobbar ikkje med programmet. Men eg veit at den dimensjonen låg inne som eit første kriterium frå Stavanger 2008, så ein er i alle fall merksame på det. Kor vidt ein lykkast, vil jo ettertida visa. Erfaring frå andre byar viser at dei som har lykkast utover det eine året, har hatt full oppslutning frå kunstlivet lokalt. Rotterdam, Antwerpen, Helsinki og Lille er gode eksempel på det.

- Sjølv om du ikkje har ansvaret for programmet i 2008, så er det likevel det som er grunnlaget for at noko kan halda fram etterpå?

- Generelt så ligg grunnlaget i å finna den balansen i programmet. Det er eit dårleg utgangspunkt og grunnlag viss eit lokalt kulturliv ikkje føler seg gode nok i sitt eige kulturår. Det håpar eg ikkje blir tilfellet her. Det er trass alt dei som skal leva her etterpå. Og eg trur me skal lykkast. Spørsmålet er i kor stor grad.

Modellar

- Fleire utanlandske ensembler blir her over ein lengre periode, og skal blant anna driva workshop for barn og unge og for kulturlivet her. I andre prosjekt, som for eksempel opningsseremonien, har eit utanlandsk kompani det overordna ansvaret, mens lokale kunstnarar har ansvar for mindre delar. Er dette gode måtar å oppretthalda ein balanse mellom det lokale kunstlivet og kunstlivet utanfrå på?

- Sett utanfrå, som eg gjer, så er «artists in residence» interessant. Det er mykje meir interessant at dei blir her og også arrangerer workshops, i staden for å fly inn som one-night-stands, gjera si framsyning og bli borte igjen. Det er den modellen eg har størst sans for.

- Men du har mindre sans for dei prosjekta der lokale kunstnarar blir styrt av ein kurator utanfrå?

- Eg kan gjenta det eg nettopp sa, eg har størst sans for modellen «artists in residence».

- Viss ein skal lykkast i å få ein effekt av 2008, er ein vel også avhengig av å få med seg folket. Korleis skal ein klara det?

- Det er også ein balanse. Eg gler meg til at folk skal få noko dei blir provoserte av, noko dei ikkje trudde dei ville lika. Samtidig må vi ikkje bli heilt framandgjorde, det må ikkje bli sånn at programmet vårt i 2008 kunne utspelt seg kor som helst i verda. Det må kjennast at det er her det skjer.Ka då ittepå: - Eg er veldig glad for at me har eit initiativ som er så reflektert, som stiller dei rette spørsmåla til dei rette folka, seier Norås.

- Det kan tidvis opplevast einsamt å jobba med langtidsperspektivet, og då er det veldig kjekt med den typen allierte utanfor organisasjonen.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra 2008

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet