Kommentar:
Store ord gjer kravstor
KULTURLYD: Vågen i Stavanger, laurdag kveld. Klokka er 22.22. Dei
fleste av dei 50.000 menneska som var i byen for å feira opninga av den
europeiske kulturhovudstaden, har kome seg heim. Dei kalde bygatene er
romslige igjen, det er nesten bare røykarar ute. Men frå pubar og
restaurantar kan ein høra lyden av laurdag i kulturhovudstaden.
På Hansenhjørnet er pubmusikarane under varmelampene endelig ferdige med å
testa lyden på mikrofonen. Første song kan ta til. Det er «Tir n'a Noir».
På Stim litt lenger borti gata har pubpianisten bass og trommer på boks og
ein begeistra jentegjeng rundt flygelet. Der går det i «En solskinnsdag» av
Postgirobygget.
NÅDD FRAM: Det fantastiske oppmøtet på
Ruten i Sandnes fredag kveld og i Stavanger laurdag viser at Stavanger 2008
har nådd fram til folk flest: Opningshelga av den europeiske
kulturhovudstaden ville bli noko ein kun opplever ein gong i livet, her
skulle ein få sjå spektakulære, nyskapande og fantastiske ting ein aldri har
sett, verken før eller sidan.
Etter å ha hørt store ord om
prosjektet i årevis, skulle folk endelig få sjå med eigne auge at det var
sant. Etter å ha vore lett skeptisk og avventande, skulle rogalendingen bli
entusiastisk.
Oppmøtet og folkefesten var i seg sjølv ein triumf
for Stavanger 2008. Men lever opningshelga opp til alle dei store orda som
er blitt serverte på førehand? Ja og nei.
– Ser du någe,
var det hyppigast stilte spørsmålet i Stavanger laurdag.
– Nei, var svaret.
Eg trur kulturhovudstaden mista ei rekkje
potensielle entusiastar, paradoksalt nok på grunn av sin eigen suksess. Her
var så mykje folk at mange ikkje såg noko. Og blant dei som såg, er eg også
redd ein del gjekk tapt.
– Skriv dei i avisa på mandag at dette
var ein suksess, skjønar eg ingenting, sa ein mann i trengselen rundt
Breiavatnet. Me hadde stått der og hutra og venta ganske lenge då. For å sjå
ei høg operasongarinne ingen hørte lyden av gli rundt på vatnet langt der
ute, mens ei fortvila svane flaksa rundt og rundt på jakt etter
landingsplass. La Dame du Lac levde på ingen måte opp til hypen.
PÅ ALVOR: Eg har bestemt meg for å ta Mary Millers ord på djupaste
alvor når eg skal vurdera Stavanger 2008. Eg synest nemlig at orda er både
store og flotte, at visjonen og ambisjonen er djerv og viktig:
Kulturhovudstaden skal vera ei open havn, her skal folk møtast og læra av
kvarandre. I 2008 skal me oppleva kunst og kultur som er noko anna enn det
me vanligvis gjer. Menyen dette året skal vera nyskapande, spektakulær og
utfordrande. Og resultatet av dette skal vera at me går inn i 2009 som
romsligare, rausare og opnare menneske.
Det er store ord. Dei gjer
meg kravstor. Og når Stavanger får besøk av det beste som finst i verda, er
dét målestokken vår dette året.
Opningshelga
var vellukka i den forstand at ho bragte folk saman. Bokstavelig talt, sidan
me stod som sild i tønne, men også i kraft av alle dei tusenvis av
rogalendingane som deltok i paraden og alle arrangementa, i samarbeid med
kvarandre og med dei innleigde franske kreftene.
Sjølv om det
sannsynligvis var kjekkare å gå i paraden enn å sjå på han, var dette ein
god måte å skapa folkelig forankring på. Legg fem familiemedlemmer og vener
til kvar av dei 2000 som gjekk i paraden, og du har involvert 12.000
rogalendingar.
STORE TAL: Opningshelga var altså spektakulær - om
ein måler kvantitativt. Aldri har fleire menneske vore samla i Stavanger
sentrum, aldri har så mange kilo krutt gått til himmels i Vågen, aldri har
så mange sunge «You Raise Me Up» på Ruten i Sandnes.
Sånn sett burde alle som remjar om at skattekronene heller burde gått til
helse, skule og eldre hatt vit til å halda munn. For sjeldan har
kulturkronene nådd fleire enn akkurat denne helga, oppmøtet og eksponeringa
i nasjonale og internasjonale media tatt i betraktning.
Men er
store tal det same som høg kunstnerisk verdi? Nei. Og er «Gabriels Obo»
(1986), «Tore Tang» (1981) og fyrverkeri - sannsynligvis noko av det mest
populære og kjære som blei framført gjennom helga - nyskapande? Absolutt
ikkje.
UTFORDRANDE: Er det utfordrande og eigna til å endra
hovuda våre? På ingen som helst måte. Eg var innom det meste som skjedde
fredag og laurdag, frå Sandnes via kultureliteopninga i Konserthuset i
Stavanger dagen etter, paraden, dei franske showa, sykkelakrobatikk, teltet
i Sandviga, rock på Checkpoint Charlie, standup på Gaffel og Karaffel og
samba på Hall Toll.
Men sjølv om eg opplevde mykje som både
var fint, flott og dyktig gjort, var det meste ganske konvensjonelt.
Sanninga er at eg ikkje opplevde noko kulturuttrykk som var genuint
utfordrande før klokka hadde passert midnatt og det var blitt 13. januar. Då
hadde Oslo-bandet Next Life konsert på mini-Numusic-festivalen på Tou Scene.
Eg manglar vokabular for det eg såg og hørte, men etter 15 minuttar støyande
galimatias fekk gitarist Hai Nguyen Dinh krampe i foten og gjekk i bakken.
Sjølv om Stavanger 2008 har eit år på å utvikla og utfordra kultursmaken i
regionen, spørs om Next Life spelar under varmelampene på Hansenhjørnet 12.
januar 2009.
Skriv din kommentar
G16-laget spiller finale lørdag ettermiddag
Sport:
Sju av ni Vidar-lag kvalifiserte seg til A-sluttspill
En beruset båtfører skadet fire-fem andre båter i Vågen før han ble pågrepet av politiet.
Stavanger:
Midt i Gladmat-festivalen
95 prosent av teinene Kystvakten og politiet sjekket i sjøen på Hjelmeland og ved Foldøy, var ulovlige.
Ryfylke:
- Skuffende, sier lensmann
Sara Wathne (17) og Sindre Sirevåg (18) valgte sommerferie på sjøen. Søndag er de Rogalands lokale håp i den internasjonale regattaen Tall Ships Race.
Lokalt:
I Kristiansand
Tre personer kom fra ulykken i Noredalen uten fysiske skader, ei jente er sendt til SUS for kontroll.
Sandnes:
Politiet beslagla førerkort
NuMusic 2009
Siste 2008
Sistesaker
- 23:45 Vidar til finalen i Dana Cup
- 21:56 Gladmaten snur i innsamlingssak
- 20:43 Beslagla 32 ulovlige teiner og ruser
- 19:39 Fire involvert i trafikkulykke
- 19:14 Lokale sjøspeidere møtte kronprinsparet
- 18:56 Frelsesarmeen reiser hjem
- 18:46 Norske styrker angrepet to ganger på samme dag
- 16:51 Smertemessa
- 15:58 Kan bli gratis buss i sentrum
- 15:28 Sokolowski tvilsom mot Sandefjord
- 15:04 Vil du ta imot Tax?
- 14:54 Spar titusener i året på energi
- 13:52 Juli ny krisemåned for USA i Afghanistan
- 13:47 Justisdepartementet vil ha riktigere politistatistikk
- 13:28 Småirritert og småsint Kufaas utslått
- 13:25 Angelsen hoppet dårlig
- 13:25 Fransk kvinne lettet etter drapsavsløringene
- 13:18 - Denne bør koste 100 kroner
- 13:13 Solberg på 2.-plass i Finland
- 13:11 Rakettangrep mot Israel
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Hå · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira







2


































Tema: NuMusic
Faust – ren tysk magi
Den uimotståelige beaten
Island-kult til slutt
