Heile byen må lesa
Til hausten vil folket på Sølvberget i Stavanger ha heile byen til å lesa same romanen. Kva for ein? Det bestemmer du.
AV: solveig grødem sandelson
– Det er eit naivt demokratisk prosjekt, innrømmer Eirik Bø, som nettopp er prosjektleiar, for «Hele byen leser». Som igjen er ein del av «Gjestfrihetens kunster.»
Dei vil nemleg ha oss alle med på å nominera ei bok vi meiner heile byen bør lesa. Ein roman, og den må vera utgitt på norsk. Men bortsett frå det, kan den vera så gammal eller ny eller tynn eller tjukk som helst.
– Eit gammalt minne, for eksempel, seier bibliotekar Aud Jorunn Aano ved Stavanger bibliotek, som skal ta seg av alt det praktiske.
Nominera kan ein gjera på nettsidene til Stavanger Kulturhus Sølvberget, på Aftenbladet.no, eller på skjemaet som ligg ved Sølvberget sitt program. Eller ring Stavanger bibliotek, så ordnar dei det for deg. Du treng ikkje gi opp nokon grunn utover at det er ei bok du likar, eller du kan skriva langt og levande om kvifor du gjer det. Det du må, er å få gjort det før 1. mars.
Prosessen
– Og så?
– Så tel vi opp. Dei fem bøkene som får flest nominasjonar, blir med vidare. I tillegg skal ein fagjury velja ut fem andre, men desse må også vera innanfor dei som folk alt har nominert. Fagjuryen kan godt velja ei bok som bare er nominert ein gong, viss dei syns nominasjonen er uslåeleg.
– Dei skal ivareta mindretalet sine interesser, i dette demokratiet?
– Ja, det kan ein seia.
Fem pluss fem skulle bli ei liste på ti, det. Og den skal vera klar før påske.
– Sånn at folk veit kva slags bøker dei skal ta med seg på påskeferie, seier Eirik Bøe.
Avstemning
– Endå treng ein å sjalta ut ni av dei ti?
– Ja, då blir vi latterleg demokratiske igjen, i slutten av april opnar vi for avstemming, på nett og ved hjelp av urner. Alle kan stemma. Og 1. mai har vi ein vinnar.
Frå september og utover, skal så alle lesa.
– Då set vi opp trykket, med arrangement og debattar der folk skal kunna delta.
Poenget
– Kva er vitsen med dette?
– For meg er litteratur brubyggjaren frå eit menneske til eit anna, frå kultur til kultur, frå ei tid til ei anna, seier Eirik.
– Det å skapa eit fellesskap rundt dette er eit humanistisk prosjekt i seg sjølv. Vi vil gi litteraturen større merksemd, skapa ein litterær debatt. For å lesa er også ei einsam oppleving.
– Eg pleier seia at å lesa er å lytta til kvarandres stemmer, skyt bibliotekar Aud Jorunn Aano inn. – Og det finst bøker som passar for alle. I dette prosjektet har ingen feil og ingen rett, den demokratiske prosessen skal nettopp visa det. Eirik Bø legg til at sjølv syns dei nok det mest spennande ville vera om folk trekkjer fram det ukjende - og deler det. Og litt dumt viss det blir ein roman som alle alt har lese.
– Men dette har vi jo eigentleg ikkje kontroll på i det heile tatt. Vi kunne ha gjort det enklare for å oss sjølv. Viss ikkje folk nå nominerer, så har vi ikkje noko prosjekt.
Les også
NOMINASJONEN:
Før 1. mars: Nominer kva bok du vil, gå inn på www. Stavanger-kulturhus.no, på www.aftenbladet.no, fyll ut skjemaet i vårprogrammet til Sølvberget, eller ring Stavanger Bibliotek.
Før påske: Dei fem oftast nominerte, pluss fem andre, plukka ut av ein jury, blir offentleggjorde.
Før 1. mai: Alle kan stemma på sin favoritt blant dei ti, på nett eller i urner.
September: Heile byen les. Kanskje, viss folk lar seg engasjera.
Relaterte bilder
FOTO: Knut S. Vindfallet
Siste saker
- o Den farlige presidenten
- Været kan gi ny smørkrise
- Full alarm på Statfjord C
- Bunadshund skaper nettkrangel
- Politiet: Travel natt