• Spektakulært i Sauda

    I dag er det klart for å feire ikke bare kultur, men vinteren. Et spektakulært kulturinnslag tar plass på 600 meters høyde, i Sauda skianlegg, med skiakrobatikk, musikk og dans.

Til himmels i Sauda:

Maken til Himlaleite

Mary Miller var så rørt etter premieren på Mot Himlaleite i Svandalen i Sauda at ho nesten mista munn og mæle.

Stavanger 2008-sjef Mary Miller har snakka lenge og vel om at poenget med kulturhovudstaden er å bringa folk saman, gi dei noko å strekka seg etter - og at dette året skal gi oss noko stort og spektakulært som aldri før er sett her i regionen. Etter å ha sett gårsdagens premiere, var talefossen gått i stå. Miller, som sjølv hadde ideen til ei framsyning som kopla dansarar med skiløparar, fann nesten ikkje ord.

I Sauda har heile bygda gått saman om å få på plass ei framsyning rogalendingar aldri har sett maken til. Her har proffar, amatørar, frivillige, unge og gamle i ei tradisjonell industri- og skibygd langt inne i ein fjord i Ryfylke stabla på beina ei framsyning som både er moderne, abstrakt og nyskapande - samtidig som ho speler på noko så lokalt og typisk Sauda som fjell, snø og skisport. Mot Himlaleite! er både lokalt og globalt på ein gong, det er både tradisjonsrikt og moderne. Og så koplar det saman dei to tradisjonelle motsetnadene natur og kultur på ein måte som knapt kunne blitt gjort nokon annan stad enn nettopp i Norge. Og kanskje særleg på Vestlandet.


Natur

Nordmenn, og særleg protestantiske vestlendingar, har eit forunderleg forhold til natur. Og til nyting. Ein kan liksom ikkje setja seg ned og slappa av med godt samvit før ein har slite seg litt ut, men til gjengjeld skal nytinga liksom vera ekstra stor når ho er velfortent. Dette spelar også Mot Himlaleite! på. Aldri før har så mange menneske gått opp skibakkane i Svandalen som i går; ein tur gjennom naturen med utsikt til industribygda langt der nede, til industrikulturen.

Me som gjekk fekk opp både puls og temperatur, og gjorde oss slik fortente til å nyta. Dei som tok trekket levde opp til den andre norske klisjeen: Me er fødde med ski på beina, og slik tar me oss også fram mot himlaleitet, staden der jord og himmel møtest og går over i kvarandre. På vegen frå toppen av trekket og inn til Djuvsbotn begynner det å bli surrealistisk og lett naturstridig. Ikkje bare er 850 menneske på veg opp på fjellet, 600 meter over havet, mens sola er på veg ned. Nei, midt i den kvite naturen står det plutseleg eit mannskor, ei teatergruppe, eit trekkspellag og ein gjeng som dansar linedance til køntrimusikk i snøen.

Samansmelting

Den definitive samansmeltinga av natur og kultur skjer ikkje før me er komne inn på sjølve amfiet, der tribunen er av snø, scenen er av snø, og fjellveggen som reiser seg mot oss er like kvit. Den kalde vinterlufta blir plutseleg fylt av fuglekvitter. Snøen blir malt lilla av lys. Og inn kjem blandakoret Sonor frå Sauda, proffe dansarar og musikarar, i flotte kostyme.

Så blir snøen gjort om til dansescene. Koreografane Anne Grete Eriksen og Leif Hernes i Dansdesign hadde også ansvaret for opnings- og avslutningsseremonien under OL på Lillehammer, og det kan ein for så vidt sjå. Men så begynner det altså formeleg å regna skiakrobatar gjennom lufta, så halsbrekkande at det går stadige gisp gjennom publikum. Heile tida blir den kvite fjellveggen fylt av 3-dimensjonale lysbilete, flammar står høgt til vers høgt til fjells, og heile fjellmassivet der bak, i himlaleite, blir lyst opp i ein kulisse så mektig at ein knapt har sett maken.

Lydbiletet er abstrakt, elektronika kopla saman med akustiske instrument. Moderne og abstrakt er også dansen og det fantastiske lyset som blir projisert mot snøen. Her er dermed ikkje enkelt å seia nøyaktig kva som skjer eller kvifor. Men som visuell og estetisk oppleving, er dette heilt sjeldant. Og tilgjengeleg som bare det.

Sauda har strekt seg. Til himmels.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra 2008

Mot Himlaleite Sauda tour en l'air

Stad: Svandalen i Sauda, 6. - 9. mars.

Lengde: Ein time

Koreografi: Anne Grete Eriksen og Leif Hernes

Musikk: Bjarne Kvinnsland

Videokunst: Marianne Selsjord

Lysdesign: Inger Johanne Byhring

Kostyme: Indrani Balgobin

Med: 90 dansarar, songarar, musikarar, jibbarar og balansekunstnar Eskil Rønningsbakken Mot Himlaleite er det fremste eksempelet så langt på det Mary Miller har snakka om at Stavanger 2008 kan bety.

Relaterte bilder

FOTO: Grethe Nygaar

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest