• Det skotske punkbandet Oi Polloi meiner Kapittel-festivalen blir medskuldige i Israels PR-kampanje når dei inviterer Israels ambassadør. Sjølv svarar dei med å boikotta Kapittel.

    FOTO: Linnea Nordström

  • Naim Araidi er invitert til Kapittel-festivalen både i rolla som poet og som ambassadør for Israel. Men han er ein kontroversiell gjest.

    FOTO: Kristian Jacobsen

Bandboikott av Kapittel

Det skotske punkbandet Oi Polloi har trekt seg frå Kapittel 13 fordi Israels ambassadør Naim Araidi står på programmet. NRKs Sidsel Wold vil ikkje sitja aleine i panel med Araidi, men avviser at ho boikottar han.

«Vi spiller ikke med profesjonelle apologeter for krigsforbrytelser, tortur, ulovlig okkupasjon, etnisk rensning og rasisme.»

Dette skreiv det skotske punkbandet Oi Polloi på Twitter, etter å ha annonsert at dei trekkjer seg frå Kapittel-festivalen, som startar onsdag. Laurdag kveld var det meininga at den israelske poeten og ambassadøren Naim Araidi og Oi Polloi begge skulle opptre på Cementen. Men slik blir det altså ikkje.

- Eg beklagar at Oi Polloi ikkje kjem til Kapittel, sidan eg meiner det er det motsette av å fremma ein god dialog, kommenterer Araidi til Aftenbladet.

- PR-kampanje

Oi Polloi meiner Israel bryt ei rekkje internasjonale konvensjonar.

- Som eit resultat av dette er det israelske regimet forståeleg nok bekymra over sitt internasjonale omdømme. Dei har lansert propagandakampanjen "Brand Israel", der dei fremmer israelske akademiske og kulturelle merittar internasjonalt for å flytta fokus frå korleis dei behandlar palestinarane, og frå den pågåande okkupasjonen av Gaza. Me vil ikkje vera ein del av Israels PR-kampanje, og beklagar at Kapittel er det, skriv Oi Polloi til Aftenbladet.

Les også

I går kunne festivalsjef Espen Røsbak trilla fram pallen med ferske festivalprogram til Kapittel 13.

Kapittel på byggeplassen

Byggeplassen i første etasje på Sølvberget blir Kapittels hovudarena på dagtid. Festivalsjef Espen Røsbak håper folk vil hengja meir på årets litteraturfestival.

- Oi Polloi har ei knallhard boikottlinje, og oppfattar si deltaking på festivalen som ei legitimering av noko dei ikkje kan stå for. Eg må bare ta det til etterretning og akseptera valet. Men eg er ueinig, og meiner dei ulike stemmene heller bør koma fram, seier festivalsjef Espen Røsbak i Kapittel.

- Ingen imageproblem

Den israelske ambassadøren avviser – ikkje overraskande – påstandane frå dei skotske punkarane.

- Desse påstandane er sterkt overdrivne. Særleg skuldingane om rasisme. Knapt noko folk har lidd meir under nettopp rasisme enn det jødiske folket, seier Araidi.

- Men dette tyder på at Israel i det minste har eit omdømmeproblem?

- Nei, tvert om. Israel har vener over heile verda, ikkje minst innanfor kultursektoren, svarer ambassadøren, som syns det er eit paradoks at eit band boikottar eit arrangement med ein poet som sjølv tilhøyrer ein minoritet i Israel, nemleg drusarane.

- Eg inviterer kvart år arabiske poetar, også frå Gaza, til Israel, sidan eg ser den kulturelle arenaen som ein perfekt stad for å skapa gjensidig forståing, seier Araidi.

Paradoks?

Men er det ikkje paradoksalt å boikotta ein festival som nettopp handlar om ytringsfridom og demokrati – fordi ein er usamd med ein av dei andre på programmet?

Først festivalsjefen:

- Jau, det syns eg absolutt at er eit paradoks. Me var klar over at det er kontroversielt å invitera talspersonen for Israel, og var førebudde på reaksjonar. Men eg vil altså at folk skal ytra seg heller enn å trekkja seg frå samtalen, svarer Røsbak.

- Me nektar ikkje å snakka – langt derifrå. Boikotten av festivalen har tvert om gitt oss eit mykje større publikum enn me ville fått om me skulle fremma vårt syn på Cementen, blant anna gjennom intervju som dette, svarer Oi Polloi, som meiner paradokset ligg ein heilt annan stad:

- Det verkelege paradokset er at ein festival der heile poenget handlar om ytringsfridom, ender opp som medskuldig i ein PR-kampanje frå eit regime som gjennom sine handlingar bare viser forakt for frie ytringar, seier Oi Polloi.

- Betyr dette at de ikkje trur på dialog med Israel?

- Palestinaranes situasjon viser tydeleg at tiår med dialog ikkje har nytta. Me meiner Israel burde pressast slik det Sør-Afrikanske apartheidregiment blei pressa – til det falt, svarer Oi Polloi.

Frå dialog til monolog

Kapittel inviterte Araidi både i rolla som poet og som Israels offisielle stemme i Norge. Som det siste skulle han opphavleg delta i ein samtale med NRKs tidlegare midtaustenkorrespondent Sidsel Wold søndag kveld. Dette arrangementet er nå delt i to: Først skal Araidi samtala med Aftenbladet-journalist Harald Birkevold, deretter skal Wold halda eit foredrag aleine.

- Denne endringa har ingen samanheng med Oi Polloi-saka, og handlar om arrangementtekniske ting, seier festivalsjef Røsbak, og forklarer at den opphavlege planen var eit større panel.

- Dermed har me to programendringar på Kapittel som begge involverer den israelske ambassadøren, men dei har ikkje noko som helst med kvarandre å gjera?

- Eg skjønar at du stiller spørsmålet, men dei to sakene har ikkje noko med kvarandre å gjera, nei. Eg trur det blir bra avslutningsforedrag frå Wold. Og ser fram til å høyra ambassadørens syn på si rolle som stemme for Israel.

- Endelaus debatt

NRKs Sidsel Wold stadfestar at den opphavlege planen var at dei skulle vera fleire i panelet.

- Men så såg eg at eg plutseleg skulle sitja aleine med den israelske ambassadøren. Det blir veldig merkeleg, seier Wold til Aftenbladet.

- Kvifor er det merkeleg?

- Eg er ein fri journalist, mens Araidi representerer staten Israel og ein ambassade som har meldt meg fleire gonger til Kringkastingsrådet. Det ville vera rart å snakka om korleis eg har dekka konflikten, mens han ville sagt at eg tok feil og argumentera for Israels syn, svarer Wold, og held fram:

- Av erfaring veit eg at debatten om midtaustenkonflikten er utan ende. Eg har vore gjennom desse diskusjonane tusen gonger. Konflikten kan ikkje løysast, slik eg ser det nå. Eg meiner det har med Israel å gjera, han meiner det motsette. Kva skulle koma ut av at me to skulle diskutera det nok ein gong?

Boikott?

- Du seier dette ikkje er ein boikott, men høyrest jo sånn ut når du ikkje vil samtala med Aradi?

- Det er ingen boikott, eg meiner bare det ikkje ville koma noko ut av ein slik diskusjon. Denne konflikten er ein krig om å forvalta sanninga. Eg kan ikkje diskutera mot éin av partane. Eg ville ikkje sete aleine i eit panel med den palestinske ambassadøren heller. Men eg kunne intervjua ambassadøren.

- Syns du det er greitt at Israels ambassadør står på Kapittelprogrammet?

- Ja. Han er stemmen til ei evig okkupasjonsmakt. Han skal prøva å bortforklara okkupasjonen og at Israel bryt internasjonale lover og reglar kvar dag. Det kan vera interessant å høyra han snakka.

Les også

Siste fra Kultur

Oi Polloi

Skotsk punkeband, etablert rundt 1981.

Syng på skotsk-gælisk. Har hatt rundt 50 medlemmer sidan oppstarten.

Hardtslåande, systemkritiske tekstar mot fascisme og for dyrs og språkas rettar.

Kapittel

Stavangers internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom.

Blir arrangert for 19. gong. Årets festival inkluderer rundt 140 arrangement frå onsdag 18. til søndag 22. september.

 

  • Plumpt, drøyt, og lett å like

    1 2 3 4 5 6

    Noen komikere klarer å holde det gående i halvannen time uten å gå på tomgang. Dag Sørås klarer det bare nesten.

  • God Dag

    1 2 3 4 5 6

    Alt treffer ikke like godt, men Dag Schreiner vil sørge for mange latterkuler i Stavangeren før jul.

  • Sjarmerande brakfis

    Barne- og ungdomsteatrets versjon av "Doktor Proktors prompepulver" på Rogaland Teater er ei sjarmbombe av promp, korps, rotter, kloakk og vennskap.

  • Hamlet

    1 2 3 4 5 6

    Det er sjelden at et teaterstykke varer i nesten fire timer og likevel har man ikke lyst til at det skal slutte. Regissør Kjersti Horn, hovedrolleinnehaver Torbjørn Eriksen og ensemblet for øvrig har skapt en storslått og medrivende forestilling av Shakespeares mest berømte tragedie.

  • Lille Eyolf

    1 2 3 4 5 6

    Angår "Lille Eyolf" fra 1894 oss i dag? Mer enn man kanskje ville tro. Stykket skildrer et ektepar som nesten bukker under fordi deres funksjonshemmede barn dør. Henrik Ibsen avslører, som vanlig, stor innsikt i menneskesinnets irrganger.

Siste nytt

Siste 100 saker