FOTO: Jon Ingemundsen
Denne veka har 7000 niandeklassingar i Rogaland fått Johan Harstads nye bok «Darlah». I alle fall fire av dei satsar på at boka er betre enn filmen.
AV: jan zahl
Snål. Forvirrande. Filosofisk. Skummel. Hang ikkje heilt med.
Fire niandeklassingar frå Kannik skule har akkurat dukka opp i lyset på Barne- og ungdomsbiblioteket frå kinomørkret i kjellaren på Sølvberget. Dei har akkurat sett 20 minuttar film, basert på Johan Harstads bok «Darlah». Dei har høyrt litt lydbok. Alt dette for å stå her, fire fjortenåringar, omgjevne av ein haug med andre niandeklassingar. Alle med kvar sin paperbackversjon av romanen «Darlah» i hendene. Om motvillige Mia frå Stavanger, som vinn det store NASA-lotteriet og som dreg til månen, sjølv om ho eigentleg ikkje har lyst.
– Dette er ein del av Gjestfrihetens kunster og Stavanger 2008. For de har fått med dykk at me er kulturby? sa ein biblioteksfyr som heitte Thomas då Kannik skule sat der nede i kinomørkret og venta på film og bok.
Thomas las «Darlah» natt til onsdag. Han fekk ikkje sova etterpå, så vettaskremt blei han.
Bok
Filmen var ganske forvirrande.
– Eigentleg fekk eg ikkje spesielt lyst til å lesa boka av å sjå filmen. Eg har fått meir lyst til å lesa boka ut frå det eg har lese om henne i avisa, seier Julie Halvorsen Lunde.
Ho liker å lesa bøker, særleg fantasy og vampyrbøker, og aller helst på engelsk.
– Eg les ikkje omsette bøker, seier Julie.
– Kvifor ikkje?
– Du mister så mykje av stemninga då, svarer ho.
Martine Walvik Gundersen liker også å lesa, og då helst romantikk og action. Seda Hasret Turan liker best spennande bøker og sånne som handlar om kjærleik. Den siste boka ho las, var «Sinnsykt forelsket». Den har Julie og Martine også lese.
– Eg les ikkje bøker så ofte. Men når eg les, er det i spennande bøker, seier Olav Kaada.
Skrekk & gru
Det er bra. For Johan Harstad har altså skrive ei eiga bok til alle Rogalands niandeklassingar, inspirert av diverse sci fi-skrekkfilmar og 70-talet. Og Harstad har eit mål: Å skremma livskiten ut av fylkets fjortenåringar.
For, som det flimrar over ein faretruande måne når filmen startar, og som det står på første side i boka: «This ain't no party, this ain't no disco. This ain't no fooling around.»
– Syns de det er noko snilt å villa skremma livskiten av dykk?
– Eg syns ikkje det er skummelt å lesa i bøker. Du kjem inn i ei stemning, liksom. Bøker er ikkje like skummelt som film, seier Julie. Dei tre andre verkar heller ikkje nervøse for å mista nattesøvnen den neste veka.
– De veit at de får denne boka fordi det fins ein del vaksne som har lyst til at unge skal lesa meir. Syns de det er ein god idé å få ei bok gratis på denne måten?
– Ja, seier dei fire.
Stas
Niandeklassingane syns det er stas å ha fått ei eiga bok skriven til akkurat seg. Men så er det altså ganske travelt å vera 14. Det skal trenast, gjerast lekser, det står fjernsynsapparat og datamaskinar både her og der.
– Trur de alle fylkets niandeklassingar kjem til å lesa boka?
– Nei, seier Martine.
– Det kjem an på om dei liker å lesa eller ei, seier Seda.
Neste torsdag skal Julie, Martine, Seda og Olav få møta forfattaren for å fortelja kva dei syns om boka hans. Då skal Johan Harstad og Aftenbladets lesarar få beskjed. Om «Darlah» klarte å ta nattesøvnen frå fire fjortenåringar frå Kannik.
Johan Harstad har skrive romanen «Darlah» på oppdrag for Stavanger 2008-prosjektet Gjestfrihetens kunster.
«Darlah» blir delt ut gratis til alle fylkets 7000 9.-klassingar.
9.-klassingane i Stavanger har denne veka sett ein eigen film basert på boka, høyrt litt frå lydboka og fått utdelt romanen.
FOTO: Jon Ingemundsen
FOTO: Knut S. Vindfallet
Kommentarer