• Eigentleg skulle Ryfylkebiblioteket ha kome i gang med utlån av e-bøker i februar 2012. Men på grunn av tekniske problem, skjedde det ikkje før i desember – to veker før Kulturrådets e-bokprosjekt blei avvikla. Her biblioteksjef i Forsand kommune Nina Olaussen (t.h.) saman med kultursjef og prosjektleiar Eva Landre Meling i Strand kommune. FOTO: INGVILD LYGREN-JUNGE

E-bokprosjekt avslutta før det begynte

Kulturrådets prøveprosjekt for utlån av e-bøker blei avslutta før alle biblioteka som skulle vera med på prosjektet hadde kome i gang. Likevel vil ikkje Kulturrådet karakterisera prosjektet som mislukka.