Mens Thomas Hylland Eriksen rosar Kapittel for sitt internasjonale fokus, syns NRKs Knut Hoem at festivalen gjerne kunne vore meir oppteken av dei nære ting.
AV: jan zahl
– Kapittel er med sitt kosmopolitiske tema utypisk for norske litteraturfestivalar - som først og fremst er orientert rundt sin eigen navle, sa Thomas Hylland Eriksen då han innleia på Kapittels symposium om gjestfridom mandag i sist veke.
Men mens professoren rosar Stavangers festival for ytringsfridom og litteratur for sin internasjonale profil, påpeiker kommentator Knut Hoem i NRK at det kan virka som om norske litteraturfestivalar føler at dei må reisa så langt bort frå Norge som mulig for å finna tema som er viktige nok.
– Muren Israel har bygd mot palestinarane på Vestbreidda er sjølvsagt viktig så det held. Det same gjeld Berlinmuren og dei andre murane som blei diskutert i Stavanger. Men for kven er dette viktig?
Kan også lokale tema i Stavanger opplevast som viktige og ha nasjonal interesse? Eg trur det, seier Hoem i sin festivalrapport frå Stavanger på NRK.no.
Oljebyen
Hoem undrar seg over at ex-Statoil-sjef Arve Johnsen ikkje sto på programmet, med si aktuelle bok om det norske oljeeventyret, som jo blir styrt frå Stavanger. Heller ikkje boka om nordsjødykkarane blei nemnt på Kapittel, sjølv om mange av desse bur i Stavanger-området, og altså var med på å skapa grunnlaget for oljerikdommen.
– Det er ikkje sånn at me som bur i dette landet bare kan vera opptekne av det som skjer like utanfor stovedøra vår, men iblant kan dei problema me har nært innpå oss vera vanskelige å få auga på. Dei er desto viktigare å snakka om, meiner Hoem.
Viktig, men feil?
Jan Inge Reilstad, leiar for 2008-prosjektet Nabolagshemmeligheter, var også aktiv publikummar på Kapittel 08. På bloggen reilstad.com skriv han at kritikken frå Tore Renberg, om at Kapittel er for ullent og for spreidd, er «viktig, men forfeila».
– Kva betyr det?
– Renbergs kritikk av for mykje hummar og kanari, er gammal. Eg meiner det har vore ein styrke for Kapittel å tenkja tematisk og geografisk, og å setja litteraturen opp mot noko som fins i samfunnet.
Reilstad meiner programmet på Kapittel 08 var ganske godt.
– Men så kjem altså Hoem med sin kritikk, og etterlyser dei nære tinga, Stavanger. Det er interessant - og kanskje eit eksempel på at det internasjonale perspektivet har tippa for langt.
– Tore Renberg sa i Aftenbladet tirsdag at han skulle ønskt at Kapittel var ein tydelig litteraturfestival. Treng Stavanger det?
– Me har allereie litteraturveka på Sting, som er verdas flottaste litteraturfestival. Der står forfattaren og ordet i sentrum i ei heil veke. Kapittel balanserer mot dette med sin visjon om ytringsfridom, svarer Reilstad. Han meiner det ikkje er nokon vits for Stavanger i å konkurrera mot dei andre litteraturfestivalane i Norge i profil.
– Det er viktigare å finna si eiga form, seier Reilstad.
Kommentarer