• FOTO: Jonas Haarr Friestad

Giske i fildelingsklemme

Kulturminister Trond Giske er heilt klar på at ulovleg spreiing av film, musikk og bøker må bekjempast. Men korleis det skal skje, er verre å svara på.

- Internett er ikkje eit lovtomt rom. Vanlege lover og reglar gjeld der som elles i samfunnet: Det er forbode å ta andre sitt materiale utan å betala for seg, seier Trond Giske.

Diskusjonen om fildeling har gått varmt i Aftenbladets spalter etter at styreleiaren i Norsk foreining for komponistar og tekstforfattarar (NOPA), Ragnar Bjerkreim, oppfordra til boikott av partia Rødt, SV og Venstre på grunn av deira liberale syn på fildeling. Der er ikkje Giske og Ap.

- Mitt parti har alltid vore tufta på at arbeidarar skal få rimeleg lønn for jobben sin. Det gjeld i aller høgaste grad også kunstnarar og kulturarbeidarar, seier Giske, som er heilt på linje med rettigheitshavarane som meiner det ikkje vil bli laga musikk, film og bøker dersom dei som lagar det ikkje får betalt.

- Tener ikkje folk pengar på å laga slikt materiale, vil ingen heller kunna jobba i slike yrke. Det hjelper fint lite med god formidling av bøker, film og musikk om det ingen lager det, seier Giske.


Haldningar

Kulturministeren meiner det ikkje held å skulda på dårlege og dyre løysingar for lovleg nedlasting.

- Det finst gode tilbod for lovleg nedlasting, og ikkje er det så dyrt heller. Problemet er nok heller at det har breidd seg ei haldning blant mange om at det som er på nettet er gratis, seier Giske.

Han er særleg ute etter å bekjempa dei store opplastarane som legg store samlingar ut på nettet og tener pengar på reklameinntekter - på andre sitt materiale.

Men korleis skal ein få tak i dei fildelarane - og korleis skal dei bekjempast? Førre veke prøvde Datatilsynet å trekkja inn advokatfirmaet Simonsens midlertidige løyve til å henta inn ip-adresser på fildelarar - ei avgjerd Giske gjekk kraftig imot.

- Det er sjølvsagt ein balansegang mellom personvern og vernet mot ulovleg fildeling. Men sjølv om folk vil ha anonymiteten og personvernet sitt i fred, må rettigheitshavarane også ha lov til å sørgja for at deira rettar ikkje blir krenka, seier Giske. Han meiner avdekking av ip-adresser ikkje er det same som å avdekka personar, og at anonymiteten framleis er sikra.

- Skal rettigheitshavarane kunna gå til søksmål mot dei som krenker rettane deira, må dei ha nokon å gå til søksmål mot. Og det kan dei ikkje om dei ikkje kan presentera noko som kan identifisera dei som krenker rettane deira, seier Giske, og presiserer at det så vil vera opp til offentlege styresmakter å velja å finna ut kven som står bak ip-adressene. Det skal altså liggja ei rettsleg avgjerd bak å ta skrittet frå ip-adresse til personidentifisering.

Kinkig

Men problema stoppar ikkje der. Giske lover ikkje mykje nytt regelverk frå politisk hald med det første, og er som representant for styresmaktene i ein komplisert skvis.

- Pirate Bay tapte rettssaka i Sverige. Men det er ganske kinkig når servarane og selskapa ligg i andre land. Dette gjer nettet så utfordrande lovmessig, sidan alt flyt fritt over alle landegrenser, med dei avgrensingane det gir på moglegheitene for regulering, seier Giske, og viser til at dei færraste vil ha masse sperrer og stengsler på nettet.

- Nøyaktig korleis me skal løysa dette, er det ingen som har funne svaret på ennå, innrømmer Giske.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Kultur

Mods-historien blir tv-serie

TV Vest dokumenterer hele Mods-historien kronologisk, til en tv-serie som skal vises i vår.

Dogmekunst på vandring til Operaen

Har du noen gang lurt på hva teaterskuespillerne gjør i pausen mellom første og andre akt? De maler. I hvert fall noen av dem.

Kaizers for fulle hus i Egersund

Første gang Kaizers hadde konsert i Egersund kom det to mann. Denne gangen var det litt flere.

Clooney ble Gullfisken

Fjorårets beste reklamefilm ble også den mest omtalte: George Clooney som eventyrprins på boligjakt i Lillestrøm.

«Kompani Orheim» vant nordisk filmpris

Den norske filmen «Kompani Orheim» vant lørdag den store nordiske filmprisen i Göteborg. Prisen er på 1 million svenske kroner.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest