-
Ciro og Bertucciello stel Rolex'ar den eine augneblinken og går på tivoli den neste.
Godt Julevondt
Det er ein sånn film som får deg til å sjå historier etterpå.
AV: solveig grødem sandelson
Om dei to halvsmå som nettopp har vore hos Norli og kjøpt gåve til far, om dei tre halvstore som heng utanfor McDonalds. Har dei det bra? Eller har dei funne ein måte å leva med det som ikkje er bra, slik barn gjer, på logisk, men kanskje øydeleggjande vis?
Slik Tanza, som aldri tar av seg skoa, for kvifor skulle han det, har blitt barnesoldat ein stad i Afrika og kviler det tårevåte kinnet mot ei udetonert bombe, slik brasilianske Bilu og Joao saman samlar søppel, slik Blanca blir mobba og tynt og plaga til ho forstår at mor og far har gitt henne aids. Og slik rike, kinesiske Song Song knuser alle dokkene sine, mens Ciro i Napoli stel Rolex'en av armen til ein mann før han kjøper seg sukkerspinn, og den vesle, triste sigøynerguten søkjer tilflukt i ungdomsfengselet han nettopp har blitt sluppen ut av.
For «De usynlige barna» er eigentleg sju novellefilmar. Alle lar dei oss forstå at dette er vår feil. Utan moraliserande peikefingrar - og nettopp difor gjer det vondt. Så er det også eit stjernelag av regissørar som har lånt - eller snarare seld - namn og omdømme og forteljarblikk til det Unicef-støtta prosjektet, og gjort det til levande, medrivande kinofilm. Minst vellykka er opninga, Mehdi Charefs stiliserte filmnovelle om barnesoldaten - han gjer det stille, estetisk og vakkert. Det er vanskeleg å tru at livet til ein barnesoldat kan vera det.
Ei heilt anna nerve bankar i Spike Lees forteljing om spinkle, aidssmitta Blanca, burlesk humor gjer Emir Kusturicas historie om ungdomsfengselet til å leva med - at ei frodig brur på traktorferd deiser oppi kista til ein avdød stakkar, har faktisk ingenting med noko som helst å gjera, men det er bra at det er med, likevel. Og sterkast grip Ridley og Jordan Scott, som lar den traumatiserte pressefotografen Jonathan springa seg gjennom skogen tilbake til barndommen, til den første staden han såg der barn ikkje hadde familiar, bare krig og kvarandre. Og kanskje greidde seg med det. I alle fall prøvde dei.
Og akkurat det gjer filmane til å halda ut. Regissørane riv oss inn i historiene og gir oss langt meir enn korrekt julevondt frå korrekte Unicef. Men eit stort minus for den danske teksten - kvifor har ein ikkje tatt seg råd til å teksta på norsk?
Kommentarer