• Rolf Norås har ansvaret for etterpåbruken av Stavanger 2008 i Stavanger kommune. Han vil bruka ittepå-fondet på 18 millionar dristig, og prioritera hardt. (Foto: Lars Kristian Aalgaard)

18 millionar:

Hard prioritering av Ittepå-pengar

Nokre få skal få mykje, mens dei fleste ikkje skal få noko av Ittepå-fondet på 18 millionar kroner - om Rolf Norås og Trond Hugo Haugen får det som dei vil.

«Det må prioriterast. Me må tora å velja vekk, å seia at noko held mål, noko anna gjer det ikkje.»

Dette står i saksframlegget til komande tirsdags møte i Kommunalstyret for kultur, om langtidseffektar av 2008 og korleis ein bør disponera etterbruksfondet på 18 millionar kroner som blei vedteke før jul.

- Saksframlegget er veldig lite konkret om sjølve fondet. Men det er første steg i ein politisk prosess. Administrasjonen legg fram nokre kriterium, og så må politikarane argumentera for eller mot. Alt kan framleis skje, seier Trond Hugo Haugen - kunstnaren som drog i gang Ka då ittepå.

Då Kommunalutvalet før jul var på studietur i Glasgow, ein av byane som har hatt mest igjen for kulturhovudstadsåret, var rådet: Svi mens jernet er varmt.

Likevel kan ingen av pengane i etterbruksfondet i Stavanger fordelast før bystyret behandlar årsrekneskapet i midten av mai.

- Er det raskt nok?

- Det er eit definisjonsspørsmål, svarer Rolf Norås, som er prosjektleiar for langtidseffektane av 2008 i Stavanger:
- Etterbruksfondet er ikkje den einaste innsatsen til kommunen på kulturfeltet, men noko som kjem i tillegg.

2008

I Norås sitt forslag til politikarane er mykje av tenkinga frå 2008 med, som Open Port og at ein ikkje skal gi folk meir av det dei allereie får, men noko anna, noko nytt, overraskande, noko som kan gi ny refleksjon. Norås ramsar opp fleire av erfaringane frå 2008 som er verdt å ta med seg vidare.

- Kva feil bør ein ikkje ta med seg frå 2008? - Me er inne i ein evalueringsprosess som vil avdekka i kva grad noko var feil. Den store, vanskelege og viktige utfordringa er å få til det gode møtet mellom det lokale og det som blir brakt inn utanfrå, seier Norås, og viser til at dei viktigaste aktørane for kulturlivet i regionen er dei som var her før, under og etter 2008.

Val

Norås foreslår i saksframlegget å gjera tydelege prioriteringar, som betyr å velja vekk majoriteten og satsa på nokre få.

- Kven skal velja, basert på kva kriterium?

- Eg foreslår å etablera eit kunstnarisk råd til å vurdera forslaga som kjem inn. Me bur i ein liten by. Då kan det vera lurt å ha med folk som har kredibilitet, fagleg kompetanse og habilitet. Eg har foreslått ei retning på dette, men ei politisk styringsgruppa må sjå på vedtekter og kriterium.

Haugen er hjarteleg einig i at ein bør driva hard prioritering av midlane frå fondet.

- Føringane som ligg i framlegget er bra.

Haugen meiner politikarane må liggja unna dei konkrete løyvingane, men overlata dette til fleire fagråd som består av folk frå ulike kunstsjangrar.

- I ein liten by er det viktig å blanda fagmiljøa. Det må ikkje bare vera dansarar som bestemmer over dansen, seier Haugen.

18 millionar

- Kor mykje kultur får ein eigentleg for 18 millionar kroner?

- Det er eit interessant spørsmål, svarer Norås, og held fram:

- Kulturlivet jublar over små ressursar, samanlikna med andre. Trond Giske blei peika ut som den store budsjettvinnaren i fjor. Men ingen snakka om forskingsminister Tora Aasland. Bare auken hennar var større enn totalbudsjettet til Giske.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Kultur

«Alcatraz» fengsler ikke

Fengselsdrama. Krim. Hevn. Overnaturlig mysikk. Det blir for mye.

Mer Renberg til Frankrike

Nå er også Tore Renbergs roman «Pixley Mapogo» solgt for utgivelse i Frankrike.

Matte er også kultur

Matte var skuespiller Ole Tellefsens verste fag. Nå turnerer han Rogaland rundt med et selvskrevet musikalsk teater om matematikk.

Mods-historien blir tv-serie

TV Vest dokumenterer hele Mods-historien kronologisk, til en tv-serie som skal vises i vår.

Dogmekunst på vandring til Operaen

Har du noen gang lurt på hva teaterskuespillerne gjør i pausen mellom første og andre akt? De maler. I hvert fall noen av dem.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet