FOTO: Anders Minge
Til hausten står Sally Nilsson og Randi Tytingvåg igjen på scenen som mor og dotter – slik dei gjorde det i "Skyfri himmel".
AV: jan zahl
- Me tenkte mor/dotter-relasjonen i "Skyfri himmel" kunne vera utgangspunkt for eit stykke; for å gjera noko meir saman, seier Randi Tytingvåg.
"Eg konne vel tenkt meg å gå heile Den kinesiske mur" er den korte og fyndige tittelen på stykket som har premiere i Teaterhallen på Rogaland teater 22. oktober. Stykket handlar om ei mor og ei dotter som ryddar seg gjennom gamle eigedelar. Mora skal flytta frå det store huset og i mindre leilegheit. Ho er på veg inn i sin siste livsfase – mens dottera hennar er på veg inn i ein ny livsfase. Dottera er nemleg gravid. Samtidig finst her ein del spenningar mellom mor og dotter frå tidlegare tider.
- Alle vil kjenna seg igjen i denne situasjonen. I ryddinga og gjennomgangen av gamle minner. Du går opp på loftet for å rydda – og kjem aldri ned igjen, seier Nilsson.
- Å vera med på å flytta sine eigne foreldre ut av barndomsheimen er noko mange opplever. På godt og vondt, seier Tytingvåg.
Utgangspunktet for prosjektet var ein setning mange nok uttaler, men som det sjeldan blir noko av: "Me to skulle gjort noko meir saman," sa Randi til Sally då dei to spelte saman i "Skyfri himmel". Randi tykte til dømes at Sally burde sunge meir.
"Ja, det burde me," svarte Sally. Men så rann det ikkje bort i sanden.
Dei la fram ideen om mor/dotter og å bruka Tytingvågs musikk, omsett til norsk, for teatersjef Arne Nøst, som kopla på forfattaren og dramatikaren Rønnaug Kleiva.
- Ein må jo våga når ein får slike førespurnader, seier Kleiva, som dermed hadde ein relasjon og ein del songar som ramme for sitt arbeid.
- Mor/dotter-relasjonen er spesiell?
- Ja. Eg er både mor og dotter – og har sjølv døtre. Relasjonen er kjekk på sitt beste, men det kan også skjæra seg og bli litt for nært, seier Kleiva.
- Her finst mykje materiale å ta opp i spennet mellom mor, dotter – og livet som ennå ikkje har begynt. Alle er barn av nokon. Men kva gjer at me blir den me er? Kva har den tidlege påverknaden å seia? Og kva er resultatet av eigne val, seier Tytingvåg.
- Det opnar seg mykje når du skal gjera eit opprydning i ditt eige liv, seier Nilsson.
- Og kva er forskjellen på tilgjeving og forsoning? Korleis definerer ein slike ting, seier Tytingvåg.
Her er altså store spørsmål, men Nilsson legg stor vekt på det folkelege og det fellesmenneskelege i desse erfaringane.
Tytingvåg og Kleiva har samarbeida om å omsetja ein del av tekstane frå Tytingvågs to plateutgjevingar til norsk. I tillegg har ho skrive tre nye songar til stykket.
- Eg har lært så mykje av å samarbeida med Rønnaug.
- Kva då?
- Eg har aldri skrive på norsk før. Rønnaug er veldig rett på sak, samtidig som ho ikkje blir for tydeleg. Ho skriv poetisk, men samtidig folkeleg.
- Rønnaug kan laga ein setning som med få ord gir bilete i hovudet. Eg er veldig glad i henne, seier Nilsson.
Musikken blir viktig i det nye stykket, og den har Randi Tytingvåg skrive. FOTO: Anders Minge
Kommentarer