Jostein Soland leiar neste steg mot det som kan bli Stavangers eige litteraturhus - med utgangspunkt i Alexander Kielland.
AV: jan zahl
- Det blir gøy å få litt sving på den litterære offentligheita, seier Jostein Soland, til daglig administerande direktør i Næringsforeininga i Stavanger - men fram til 1. mars neste år også ansvarlig for arbeidet med eit eige Kielland-senter i Stavanger.
- Me skal laga vårt eige litteraturhus i Stavanger, utan at me dermed skal gjera akkurat som i Oslo, seier Soland - som er utdanna litteraturvitar og fram til 1986 var 1. amanuensis i litteraturvitskap.
- Me skal laga det første vitensenteret for litteratur på Sølvberget. Så får me sjå kva me skal gjera med Kiellands gamle tomt etter kvart, seier Soland. Stavanger har utarbeida ein ambisiøs handlingsplan for litteratur og ytringsfridom, som i sin tur blant anna blei følgt opp av ei eiga Kielland-utgreiing.
- Neste skritt er å konkretisera kva som ligg i alle desse orda, foredla det som allereie er gjort og laga ein visjon og nokre verdiar, seier Soland - som sjølv foreslår å ta utgangspunkt i Stavanger 2008s visjon om at Stavanger skal vera «Open Port».
- Dette handlar om å vera i stand til å halda ein levande dialog i eit levande demokrati. Kiellands eiga programerklæring i Stavanger Avis var at han skulle vera ei «svøpe for byen». Han blei ei svøpe for heile landet, seier Soland, som meiner Stavanger har alle muligheiter til å visa igjen som litteraturby.
- Eg les Sigmund Jensens «Tiberiusklippen» nå. Det er ei bok som kan ta pusten frå ein kvar og som gir intellektuell kraft til ein by som er blitt skulda for å lida under intellektuelt underskot, seier Soland, som i «Tiberiusklippen» ser problematikken Kielland tok opp i sin roman «Fortuna».
- «Fortuna» bør bli den neste boka heile byen les. Og året etter bør alle ta fatt på «Tiberiusklippen», seier Soland, som trur Stavanger er på veg inn i ei ny, litterær stordomstid.
- Er det stas å venda tilbake til litteraturen, litteraturvitar som du eigentlig er?
- Ja. Etter 22 år i næringslivet vender eg tilbake med eit litt anna perspektiv.
Kulturhussjef Marit Egaas ved Sølvberget seier eit eige litteraturhus er eitt av alternativa i handlingsplanen for litteratur i Stavanger.
- Men me må finna ut av korleis dette eventuelt skal skje og spissa prosjektet. Rapporten frå Soland skal kome med konkrete forslag rundt korleis me skal få dette til og korleis me skal profilera oss.
- Kva vil du ha?
- Som leiar på Sølvberget vil eg sjølvsagt bruka Kielland som motor til å laga eit litteraturhus der. Men mange har ulike tankar rundt dette. Og så er det altså politikarane som bestemmer til slutt.
VIDGJETEN: Ein av Norges mest kjende forfattarar frå det 19.hundreåret.
KARRIERE: Fødd inn i ein rik handelsfamilie i Stavanger, blei forfattar, redaktør og borgarmeister i Stavanger. Seinare amtmann i Romsdal.
DIKTARVERK: Skreiv både noveller, romanar, skodespel, essays og brev, blant anna «Garman & Worse», «Gift» og «Fortuna».
FOTO: Jan Inge Haga
Kommentarer