Stemmeprakt i sesongopning

Svensk superstjerne med italiensk bel canto.

Den svenske mezzosopranen Ann Hallenberg har hatt formidabel suksess med orkester og ved operascener over heile Europa. Barokkmusikk har vore hennar spesialitet, men på torsdagens konsert med Symfoniorkesteret var det den italienske bel canto stilen som sto i fokus med komponistar som Rossini, Donizetti og Bellini.

Etter som operaen utvikla seg i Europa, og spesielt i Italia, kom songarane meir og meir i fokus. Nokre av dei var megastjerner som reiste Europa rundt og vart tiljubla omtrent som våre dagars pop og rocke-idol. Fleire av dei fekk komponistar til å skrive musikk som var spesielt tilpassa deira sterkaste sider, for å kunne briljere og imponere i størst muleg grad. Ei av desse var altsongaren Marietta Marcolini som fekk tidas fremste komponistar til å skrive spesielt for seg og si stemme, og det er ikkje for kven som helst å gje seg i kast med denne musikken. Det lave altleiet gjer det vanskeleg å få stemma til å bere ut, og dei tekniske utfordringane for songaren er enorme.

Ann Hallenberg har dei nødvendige kvalitetane i større grad enn knapt nokon annan songar i dag, og er ein av få som kan våge seg på desse ariene. Ho har ei uvanleg spennvidde i stemma med bæreevne frå bånn og til topps, og ho har ein teknikk som dei fleste koloratursongarar vil misunne henne. At ho i tillegg er ein skodespelar av rang og lever ut musikken i mimikk og gestikk er med på å gjere bildet av ein framifrå formidlar komplett. Ikkje rart at dirigentar og operascenene rundt om vil ha henne med på laget!

Fabio Biondi leia orkesteret, dels med dirigentpinne og dels med fiolinen i handa, og orkesteret gjorde sitt til at konserten vart så vellukka med delikat akkompagnement og nydelege soloar. Berre i enkelte tuttiparti vart orkesteret alt for tunge på labben og overdøyvde songaren fullstendig. Akustikken må ta sin del av skulda for dette, men her burde orkesteret og Biondi vist meir moderasjon.

Det vart ein uvanleg konsert. Der var ingen større, samanhengande verk, men seks korte arier og fire ouvertyrer. Orkesteret imponerte med presisjon og dynamikk, men først og fremst vart dette Ann Hellenberg sin kveld, og konserten vart avslutta med trampeklapp og ekstranummer.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kultur

Våt utstilling på Skur 2

13 unge kunstnarar frå både Stavanger og byar i utlandet, stiller ut verk med tema om olje og vatn sida dette er nokre av kjenneteikna ved oljehovudstaden.

Tooji gikk videre til finalen i Eurovision

Norges bidrag til Eurovision Song Contest, Tooji med låten «Stay», har gått videre til finalen lørdag.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Eminem-kompiser på Tou i kveld

Slaughterhouse har selveste Eminem i ryggen. I kveld spiller de på Tou.

Om kvinner og flauser

En drøy måned etter USA-premieren starter Canal+ lørdag visningen av to av vårens nye HBO-serier: den politiske satiren "Veep" og komiserien "Girls".

Stavanger Konserthus 2. september 2010

Stavanger Symfoniorkester

Dirigent: Fabio Biondi

Solist: Ann Hallenberg, mezzosopran

Publikum: Trekvart fullt

Program: Rundt 1 t 45 min med pause

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest