• Hulda Garborg.

Trippelt hurra for Hulda

Hulda Garborgs 150-årsdag blei onsdag feira med eit trefaldig, intellektuelt hurra på Garborgsenteret: Litterært, feministisk og filosofisk.

- Vanlegvis har det handla mest om mannen når me har arrangert Garborgdagar. Men nå handlar det meir og meir om kona. Hulda var ei mangfaldig dame.

Omtrent slik ønska biblioteksjef Aud Søyland Kristensen velkommen til nesten 100 interesserte då Garborgsenteret og Time bibliotek i går arrangerte fagseminar om jubilanten Hulda Garborg. For om mykje er sagt, tenkt og skrive om mannen Arne, så er Hulda absolutt på veg opp – ikkje minst etter Arnhild Skres brageprisvinnande biografi frå i fjor.

Forfattaren

Hulda er også biografert av forfattar Tor Obrestad, som i går tok for seg Hulda som forfattar.

- For det var framfor alt forfattar ho ville vera. Ein forfattar som skreiv gode bøker, sa Obrestad, som meiner den verkelege Hulda er å finna nettopp i litteraturen hennar.

Føresetnadene for å bli forfattar var ikkje dei aller beste. Ikkje hadde Hulda formell utdanning, og ikkje hadde ho sjølvtillit. Ho brende alt ho hadde skrive då ho gifta seg med den særs skrivekunnige Arne i 1887.

- Til gjengjeld brukte ho ektemannen og hans krets for alt dei var verdt, noterte alt dei viktige mennene sa, utdanna seg sjølv med sikte på å bli forfattar, sa Obrestad. Hulda debuterte i 1892, med romanen "Et frit Forhold".

Obrestad meiner Huldas forfattarskap spriker.

- Ho var ein god forfattar, men ikkje eintydig god. Særleg har ho problem med komposisjon. Ofte går det over stokk og stein, men den som er tolmodig, kan finna mykje godt, sa Obrestad, som meiner Hulda er blitt stemoderleg behandla i norsk litteraturhistorie.

Særleg meiner Obrestad Hulda er god på å skriva om viktige val i eit menneskeliv. Som i teaterstykket "Edderkoppen", der Hulda diktar vidare på tematikken frå Ibsens "Dukkehjem" – etter at Nora har gått.

- Ho ser det heile tida frå kvinnas perspektiv. Kvinnene står alltid i sentrum for undersøkingane hennar, sa Obrestad.

Feministen

Og nettopp kvinneperspektivet og feministen Hulda var tema for litteraturvitar og forfattar Sigrid Bø Grønstøl.

- Hulda tok opp dei same tema som Arne, men såg det frå kvinnas perspektiv, sa Bø Grønstøl.

Hulda blei kontroversiell som feminist. For i staden for å argumentera for kor like menn og kvinner er, og snakka mest om juridiske rettar, blei Hulda ein norsk ambassadør for forskjellsfeminismen. Altså at det er fundamentale forskjellar på kvinner og menn, og at målet for kvinner ikkje er å bli som menn, men meir kvinnelege.

- Det store ærendet hennar var sjølve kvinnedefinisjonen. Hulda ville sameina kropp og sjel og framelska kjærleiksevna og morsevna. Ho ville finna fram til det ekte kvinnelege, sa Bø Grønstøl.

Dermed har Hulda blitt stempla både som antifeminist og reaksjonær av mang ein feminist opp gjennom tidene, mens Bø Grønstøl viste til at Hulda aldri såg på kvinner som eit underordna kjønn, bare eit anna kjønn enn mannen.

- Hulda vil likestilla kjønna gjennom å poengtera det som er ulikt mellom dei, sa Bø Grønstøl – som sjølv meiner Hulda overkjønna ting litt.

- Ho reduserer for mykje til kjønn. Alt er ikkje kjønn.

Filosofen

Professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen tok for seg Hulda Garborg som organisk naturfilosof. Eller nasjonal entreprenør. Til dømes som ideologisk gudmor for songdans og leikarring – som det ikkje finst kjelder på at hadde eksistert i Norge. Eller bunaden – rekonstruerte drakter i ny og meir praktisk utføring.

- Hulda fann opp tradisjonar, sa Kvalsvik Nicolaysen.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kultur

Våt utstilling på Skur 2

13 unge kunstnarar frå både Stavanger og byar i utlandet, stiller ut verk med tema om olje og vatn sida dette er nokre av kjenneteikna ved oljehovudstaden.

Tooji gikk videre til finalen i Eurovision

Norges bidrag til Eurovision Song Contest, Tooji med låten «Stay», har gått videre til finalen lørdag.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Eminem-kompiser på Tou i kveld

Slaughterhouse har selveste Eminem i ryggen. I kveld spiller de på Tou.

Om kvinner og flauser

En drøy måned etter USA-premieren starter Canal+ lørdag visningen av to av vårens nye HBO-serier: den politiske satiren "Veep" og komiserien "Girls".

KVEN: Fødd på Stange i Hedmark 1862, død Labråten i Asker 1934.

KVA: Forfattar og kulturarbeidar. Skreiv bøker, skodespel og journalistikk. Grunnla Det norske teatret. Oppteken bl.a. av bunader, målsak, kvinnesak, folkedans. Gift med Arne Garborg.

Relaterte bilder

Tor Obrestad

Tor Obrestad FOTO: Knut S. Vindfalllet

Sigrid Bø Grønstøl

Sigrid Bø Grønstøl FOTO: Jan Zahl

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen FOTO: Kristian Jacobsen

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest