• FOTO: Siv Dolmen

Trygge barnebøker sel best

Forlagsredaktørane i Cappelen Damm og Samlaget avviser at dei gir ut provoserande eller kontroversielle barnebøker for å tena pengar. Det er nemleg dei konvensjonelle barnebøkene som sel best.

- Som redaktør er eg meir oppteken av kva barn og unge vil lesa enn kva foreldra deira likar. Men det er foreldra som kjøper barnebøkene - og dei kjøper aller helst bøker dei sjølv likte då dei var yngre. Dermed er det dei trygge og forutseibare barnebøkene som sel best, seier Steffen Sørum, redaktør for barne- og ungdomsbøker i landets største forlag, Cappelen Damm, og sjølv forfattar, både av vaksen- og barnebøker.



Tysdag gjekk Frp-politikar Inge Håvard Aarskog ut med kraftig kritikk av barnebøker i Aftenbladet. Blant dei han kritiserte, var forlaga, som slepp gjennom bøker som etter Aarskogs syn bryt med kva barnebøker bør innehalda, enten det dreier seg om tema eller språk. «Kjem det amatørmessige forfattarar og forlag som er desperate etter å selja bøker, blir det farleg,» sa Aarskog.



- Var det desperasjonen etter å selja mange bøker som styrte oss, ville det smartaste vore å laga trygge, konvensjonelle barnebøker, seier Sørum.



Spekulativ



Han innrømmer å vera «spekulativ», både som barnebokforfattar og barnebokredaktør:



- Eg innrømmer glatt at eg prøver å få ungar til å lesa. Mi primære rolle er å sørga for at barn og unge får styrka lesinga si - slik at dei får best mogleg utgangspunkt for resten av livet sitt, seier Sørum, som gjennom ei rekkje skulebesøk har opplevd å møta massevis av ungar som veks opp i heimar heilt utan bøker.



- Om det finst barn som les så få bøker, blir vel desse få bøkene desto viktigare. Skal dei då vera fulle av banning og kontroversielle tema?



- Det verkar som om ein del foreldre og politikarar tenkjer at barnebøker skal vera trygge og gode og ikkje skal skapa bekymring. Eg meiner tvert om at god litteratur skal bevega deg, gi deg spørsmål du har lyst til å snakka om. Og har du vore i eit klasserom på Østensjø, høyrer du fort at språket dei fører der er langt verre enn noko du finn i ei barnebok.



Ansvar



Ragnfrid Trohaug er redaktør for barnebøker i Samlaget, eit anna tradisjonsrikt barnebokforlag. Ho meiner forlagets ansvar er å sørga for at det finst bøker for alle typar barnelesarar.



- Sidan barn er like mangfaldige som vaksne, må det finnast like stor variasjon av barnebøker som det finst ulike bøker for vaksne, seier Trohaug.



Ho meiner barnebøker bør kunna ta opp problematiske tema, som døden, men at ein ikkje skal ta håpet frå barna.



- I Sverige snakka ein for nokre år sidan om idyllfobien i ungdomslitteraturen, at alt liksom skulle enda tragisk, seier Trohaug.



- Aarskog meiner forlaga gir ut kontroversielle bøker fordi de er desperate etter å selja?



- Han viser at han veit lite om korleis denne marknaden fungerer. Det er foreldre og besteforeldre som kjøper barnebøkene, ikkje ungane. Men «kontroversielle» bøker som Terje Torkildsens Dystopia, der dei bannar masse, kan gjerne vera veldig mykje utlånt på biblioteket.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kultur

Våt utstilling på Skur 2

13 unge kunstnarar frå både Stavanger og byar i utlandet, stiller ut verk med tema om olje og vatn sida dette er nokre av kjenneteikna ved oljehovudstaden.

Tooji gikk videre til finalen i Eurovision

Norges bidrag til Eurovision Song Contest, Tooji med låten «Stay», har gått videre til finalen lørdag.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Eminem-kompiser på Tou i kveld

Slaughterhouse har selveste Eminem i ryggen. I kveld spiller de på Tou.

Om kvinner og flauser

En drøy måned etter USA-premieren starter Canal+ lørdag visningen av to av vårens nye HBO-serier: den politiske satiren "Veep" og komiserien "Girls".

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest