• FOTO: Pål Christensen

Kultursjef Siri Aavitsland om Kapittel:

Vil spissa ytringsfridomsprofilen

– Me treng ikkje fleire litteraturfestivalar som er dønn like Lillehammer, men bør heller spissa ytringsfridomsprofilen til Kapittel, meiner kultursjefen i Stavanger, Siri Aavitsland.

Tirsdag gjekk forfattar Tore Renberg ut og kritiserte Kapittel-festivalen for å vera ei ullen blanding mellom ei ytringsfridomsgreie og ein litteraturfestival. Renberg vil ha ein tydelig litteraturfestival i Stavanger. Han fekk ikkje støtte av festivalsjef Eirik Bø, og får det heller ikkje av kultursjefen i Stavanger.

– I kommunens plan for ytringsfridom og litteratur, er visjonen at Stavanger skal vera eit europeisk knutepunkt for ytringsfridom, seier Aavitsland, som altså meiner at det naturlige vil vera å halda fast på, og spissa, det internasjonale ytringsfridomsperspektivet til Kapittel.

– Stavanger var Norges første friby for forfølgde forfattarar. Sekretariatet for verdas fribyar ligg på Sølvberget, seier Aavitsland.

Ho meiner årets Kapittel-festival gjennom temaet murar klarte å gi stemme til ein tematikk som gjennomsyrer byens litterære profil.

Knutepunkt

Ingen av Stavangers festivalar har nasjonal knutepunktstatus - som inneber at ein er gitt ein spesiell status av Kulturdepartementet og har fast plass på statsbudsjettet.

– Du seier Stavanger er eit europeisk knutepunkt for ytringsfridom. Burde Kapittel også ha nasjonal knutepunktstatus?

– Det er kanskje på tide at departementet kastar blikket i vår retning.

– Kjem du til å gjera noko for at Giske kastar blikket hit?

-–Det er ikkje min jobb å gjera det. Men eg kan vera ein av dei som kan vera med på å opna ei dør. Avgjerda ligg fullt og heilt i Kulturdepartementet.

– Burde ikkje Stavanger hatt ein rein litteraturfestival?

– Me treng dei gode samtalane og forfattarmøter med låg terskel. Litteraturveka på Sting har i så måte vore viktig, men i tillegg er det stadig møter med forfattarar på kafear og bibliotek rundt om i byen.

– På neste spørsmål får du bare lov å svara med eitt ord: Er du mest enig med Bø eller Renberg?

Det blir heilt stille i telefonen. Kultursjefen tenkjer så voldsomt at det er som om ho er blitt borte. Så kjem eittordssvaret (som er sterkt forkorta av journalisten):

– Eg syns årets Kapittel har presentert det beste programmet så langt, med eit tydelig og sjølvstendig tema og program.

– Det betyr «Bø»?

– I denne samanhengen synes eg Bø. Festivalen har hatt ein sterkare politisk snert i år, og det er bra. Kapittel 08 står som ein solid påle i ytringsfridomens navn.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Kultur

Våt utstilling på Skur 2

13 unge kunstnarar frå både Stavanger og byar i utlandet, stiller ut verk med tema om olje og vatn sida dette er nokre av kjenneteikna ved oljehovudstaden.

Tooji gikk videre til finalen i Eurovision

Norges bidrag til Eurovision Song Contest, Tooji med låten «Stay», har gått videre til finalen lørdag.

Oslokunstnarar fem gonger flinkare. Minst.

Oslo har 12 prosent av Norges befolkning, 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane – og fekk i perioden 2009-2012 55 prosent av statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø fekk 13 prosent – til saman.

Eminem-kompiser på Tou i kveld

Slaughterhouse har selveste Eminem i ryggen. I kveld spiller de på Tou.

Om kvinner og flauser

En drøy måned etter USA-premieren starter Canal+ lørdag visningen av to av vårens nye HBO-serier: den politiske satiren "Veep" og komiserien "Girls".

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest