Kruttrøyken ligg nå så tjukt over Sølvberget og Stavanger at nokon kvar ser ut til å ha mista sikta og derfor skyt frå hofta mot bibliotek- og kulturhussjefen - og ikkje minst mot stråmenn.
AV: trond lie, bibliotek- og kulturhussjef i et brev til kulturen
Det er ikkje overraskande at journalistar, kulturredaktørar og bibliotekarar vel å bruka saka om at Sølvberget KF, Stavanger bibliotek og kulturhus skal samarbeida med Den amerikanske ambassaden i Noreg om kulturformidling til å heisa fana og til å markera politiske synspunkt. Men spesielt opplysande for det kulturinteresserte publikummet og for brukarane er dette ikkje. Derfor, «dette har hendt»:
28. februar takka styret for Sølvberget KF ja til ein intensjonsavtale med ambassaden om formidling av amerikansk kultur. Avtalen gjeld for heile Sølvberget KF, ikkje bare biblioteket, han er avgrensa til 2006, det er ikkje fastsett noko økonomiske ramme for samarbeidet (eg ser at Aftenbladet vel å sjå bort frå dette faktumet og i staden dagleg desinformerer om at vi har gått inn ein avtale verd 50.000 dollar), intensjonen er å få til minst to samarbeidstiltak i løpet av året, eksempelvis forfattarbesøk, utstillingsprosjekt, innkjøp til biblioteket osb.
Begge avtalepartane kan foreslå aktivitetar, men - og det er vesentleg her - Sølvberget KF «has full editorial authority in determining what materials will be acquired for the collection». Og når det gjeld materiale til biblioteket, vel Sølvberget KF sjølv om dette skal integrerast i den alminnelige samlinga eller merkast og skiljast ut i eigne hyller med informasjon om samarbeidet. Siktemålet med samarbeidet er «to increase knowledge and mutual understanding between the citizens of Stavanger and the United States».
Eg er ikkje så dollar-kåt at eg ikkje ser at avtalen aktualiserer fleire problemstillingar. «Sponsing går ikkje saman med biblioteket si demokratiske rolle», hevdar Tove Gausen i Bibliotekarforbundet (BF) lokalt i Aftenbladet 2. mars. Nestleiar i BF nasjonalt, Hanne Brunborg gir uttrykk for det same i Klassekampen 1. mars. At BF er imot sponsing av bibliotek tar eg til etterretning. I tråd med argumentasjonen til kulturminister Trond Giske i Aftenbladet 3. mars, meiner eg bibliotek som andre kulturinstitusjonar bør kunne inngå ulike former for samarbeids- og sponsoravtalar.
Både BF og andre er kritiske til at utanforståande skal velja ut kva slags bøker, plater, filmar osb. som skal kjøpast inn til biblioteket. Eg er minst like skeptisk! Denne saka hadde ikkje kome lenger enn til min første telefonsamtale med ambassaden om det blei lagt opp til å gi frå seg dette redaktøransvaret. Dette kjem vi aldri til å fira på!
Det mest overraskande utspelet så langt er kulturredaktør Sven Egil Omdal sin kanonade i Aftenbladet 2. mars. Han er overhovudet ikkje opptatt av samarbeidsavtalen, men av samarbeidspartnaren. Han brukar spalte opp og spalte ned på grelle eksempel på amerikansk politikk. Konklusjon: USA fører ein drittsekk-politikk - og drittsekkar samarbeidar ein ikkje med.
Skal tru kva Omdal meiner om at vi i fjor mottok støtte til Kapittel 05 frå Blair sitt British Council, eller til at vi tidlegare har samarbeidd med Den kinesiske ambassaden osb. osb. Kort sagt, tar ein Omdal på ordet bør ein ikkje halda seg med andre kultursponsorar enn kjøpmannen på hjørna og den lokale smia som ein kjenner; det er så mange som har blod eller anna graps på hendene!
Kruttrøyken ligg nå så tjukt over Sølvberget og Stavanger at nokon kvar ser ut til å ha mista sikta og derfor skyt frå hofta mot bibliotek- og kulturhussjefen - og ikkje minst mot stråmenn. til dette «renhetsidealet» er den forma for kulturformidling vår avtale legg opp til - i trua på at kulturutveksling og dialog mellom folk og samfunn er av det gode, trass i drittsekk-regjeringar. Det skal sanneleg bli interessant å følgja Omdal og 2008-sponsoren Aftenbladet si dekking av det tungt sponsa Stavanger2008 og det nye konserthuset.
Kommentarer