Dyktig debutant

RUNE F. HJEMÅS: «Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd»: Kortprosa som kjenner lesaren sin.

«RUNE F. HJEMÅS: «Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd»»

Etter denne knappe audiensen debutant Rune Hjemås tillet lesaren sin, er det så ein vert sitjande att med flakkande blikk og forbløffa kjensle. «Kor har eg eigentleg han der Hjemåsen frå?», liksom. Heilt til det går opp for meg: det er omvendt. Det er han som kjenner meg, og som skriv meg inn i eit felles déjà vu der eg føler meg heime i det fragmentariske tekstarkivet han har raska saman. Berre det at han sjølvsagt ikkje har raska det saman, han har komponert, strukturert, kappa vekk og endar opp med ei fin nynostalgisk samling av tekstar i fire deler.

Rune Hjemås snakkar lågmælt og uanstrengt om tinga slik dei var, slik dei ser ut i det ein er på veg inn i vaksenverda, i det ein brått ser fortida finna ei ny form og vinkar med ein eigen vemodsomspunnen glans. Her finst brokkar av minner, refleksjonar, humoristiske fabuleringar og kvardagsmagi; Hjemås flettar dei ulike elementa kyndig saman i ei lita bok som rører og løftar lesaren. Her er nostalgi utan seige etterslep, i akkurat passe dosar. Nett det du treng no seinhaustes; tekstar som kjem deg i møte.

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

RUNE F. HJEMÅS: «Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd»
84 sider
Samlaget

Relaterte bilder