Faren for Holocaust
Zygmunt Baumanns bok «Moderniteten og Holocaust» vart ein sosiologisk klassikar straks ho kom ut i 1989.
AV: jan inge sørbø
Baumann er ein opphavleg polsk sosiolog som har verka i England det meste av etterkrigstida. Han hevda at Holocaust er ein av dei best dokumenterte, men minst forståtte hendingane i historia.
Det uhyrlege ved hendingane har gjort at ein har halde det på avstand ved å forstå det som noko særtysk, ei spesiell form for antisemittisme, eit utbrot av arkaisk barbari. Men allereie Adorno, som skreiv om dette i 1947, hevda at det ikkje var hat nok i Tyskland til så store ugjerningar. Det var ikkje varmt hat som skapte utryddingane, men kald kalkulasjon, ei industriell organisering som gjorde at dei ansvarlege sov godt om nettene.
Men det gjer hendingane endå meir skremmande, fordi dei på den måten blir knytt uløyseleg til utviklinga av det moderne samfunnet. Holocaust er modernitet, ikkje primitivisme. Og, hevdar Baumann, tanken på å utrydda ei gruppe framande for å gjera det trygt, heng uløyseleg saman med den angsten som det moderne samfunnet sjølv skaper utan opphald.
Det er her det nye forordet frå 2000 verkeleg er skremmande aktuelt. Det er skrive i lys av dei nye utryddingane på Balkan. Men det lyder også som ein profeti om kampen mot terror, der ein på russisk side snakkar ope om å utrydda alle bandittane, og på amerikansk side vil plukka ut dei farlege elementa, isolera dei og ta frå dei alle rettar - nøyaktig slik Baumann skildrar det. Og grunnen er angst - den angsten som er uløyseleg bunden til dei store endringane jakta på den moderne orden heile tida skaper, fordi den definerer gårsdagens orden som ein fundamental uorden.
Difor blir utryddinga, isolasjonen, leirane, tanken om å utrydda ei spesiell gruppe for at vi skal overleva - heile tida ein beredskap som finst i det moderne samfunnet. Baumann innleier forordet sitt med å seia at han tok feil då han trudde at moderne samfunnsvitskap ikkje hadde forstått eller fortolka Holocaust. Dei har uavlateleg fortolka dette fenomenet, men på ein slik måte at dei har halde det frå livet.
Baumanns bok viser at det ikkje går. Den er ubehageleg nærgåande, heilt inn i den norske forsvarspolitikkens tru på humane intervensjonar. Og bør difor lesast av alle - særleg dei som har ansvar for å halda utanriksdebatten vaken, men som ikkje gjer det.
Arne Johan Vetlesens etterord er stadig verd å lesa. Det uhyrlege ved hendingane har gjort at ein har halde det på avstand ved å forstå det som noko særtysk.
Kommentarer