Kvarandres fangar

Vart og vakkert. Og brutalt.

««Skagerrak»»

Hilde K. Kvalvaag (f. 1968, debut 2003) har fått godord og prisar for dei to barne- og ungdomsbøkene ho til nå har gitt ut. Haustens «Skagerrak» er den første vaksenromanen hennar. Den er tradisjonelt fortald, ryddig og klår, vel verdt å lesa. Personane er få, intrige og hendingar er oversiktlege, med eit nytt kapittel for kvar dag i veka frå søndag til laurdag.

Eit ektepar kalla Siv og Harald har i fleire år brukt å reisa med dei to ungane til den same feriestaden i Danmark, saman med ein vennefamilie, som også har to barn. Så også i år. Dessutan får vennene besøk av ei anna, einsleg kvinne. Ein treng verken vera familiemedlem eller særleg røynd som lesar for å fornemma at her er det rom for nye parforhold og mykje sjalusi.

Same kor dramatisk konstellasjonar mellom ektefolk og ungar kan skiplast, og same kor trugande dét kan verka på dei, kan dette høyrast banalt sjablonaktig ut som stoff til ein roman. Og er det sånt sett også. Når det likevel blir ein fin roman av det, er det fordi Kvalvaag maktar å setja personane i finstilt kammerspel med og mot kvarandre. Dei vil det gode, og både store og små strevar vent og vakkert, sårt og brutalt. Særleg dei små.

Dei vaksne har så mange år og røynsler bak seg at dei ikkje treng seia noko særleg mens livet slit i dei - og vane, sed og sømd bind dei saman. Ungane har ikkje føresetnader til å setja ord på det dei fornemmar, men mot nok til å våga seg ut på djupt vatn, bokstaveleg og metaforisk.

Dei vaksne er på tragisk vis innelåste i sine eigne liv, som dei skal halda fram med i ei stille sorg, forstår lesaren. Det kjennest uverkeleg, særleg for den kvinnelege hovudpersonen; men så er det sjølvaste anorektiske livet ho balar med. Det går vidare, og blir uthaldeleg i forbodne draumar.

Om eit år ferierer dei nok igjen ved Skagerrak, og kammerspelet held fram.

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

ROMAN
HILDE K. KVALVAAG:
170 sider
Samlaget