Les denne

Glødande, alvorleg og svært vellukka.

«GAUTE HEIVOLL: «Himmelarkivet»»

Det er eit krevjande og kolossalt sympatisk prosjekt Gaute Heivoll har gitt seg i kast med gjennom arbeidet med romanen som no føreligg. Men først. Kort fortalt: Gaute Heivoll er ei av stemmene i norsk litteratur som det verkeleg er verd å låna øyra til. Han er den alvorlege sørlendingen; ein som ikkje er redd for mørk malmklang der dei kragske krøllane vanlegvis dansar blidt i honninggult feriemodus. Heivoll definerer, ikkje minst med haustens roman, ein mørkare kvalitet ved Sørlandet, og det er fascinerande lesnad.

Romanen «Himmelarkivet» handlar om kommunisten Louis Hogganvik sin lagnad vinteren 1945. Mot slutten av krigen vart han fengsla av Gestapo, send til det berykta Arkivet i Kristiansand der han tok sitt eige liv på ei av cellene etter eit ni dagar langt opphald prega av tortur og isolasjon. Men kven var eigentleg Hogganvik?

Heivoll nyttar fleire ulike dører for å nærma seg historia om Hogganvik. I boka hans vert ulike forteljarmåtar og synsvinklar vevde saman i ein særeigen dynamikk. Det dokumentariske materialet vert på sett og vis fiksjon medan me les, for forfattarens eige arbeid og liv vert òg trekt med inn i romanen. Det er eit interessant og modig grep å plassera seg sjølv så tett inntil den lagnaden han har sett seg føre å rekonstruera. Men det fungerer, først og fremst fordi forfattaren vågar. Men å involvera seg inneber også ambivalens. Som han seier det sjølv: «Jeg har lagt meg opp i noe som jeg ikke hadde noe med.» Men trass eiga skam, trass kjensla av å ikkje makta, bles han på glørne som så vidt glimtar nede i oska av år og gløymsle. Fordi? Fordi det vesle mennesket er stort. Fordi den eine lagnaden ber dei mange i seg.

Louis Hogganviks siste dagar er gåtefulle, men Gaute Heivoll har nytta det sparsame og fragmentariske materialet på meisterleg vis og han har engasjementet som får dei døde i tale. Romanen gjev eit nært møte med Hogganvik og med menneska kring han; ikkje minst får me fine glimt av kona hans, Theodora.

Heivoll kan ikkje gi oss alle svara, men han gjer oss klokare og løfter opp eit menneske slik at me igjen forstår det: At det først og fremst er i det eine andletet me skal lesa omgrep som krigen, omgrep som så fort vert statistikk og abstraksjonar for oss. Skal han så kritiserast for gravalvoret og dei lada, høgpoetiske vendingane som dukkar opp tid om anna? Nei. Det Heivollske alvoret engasjerer. Les denne. Det er ein særs vellukka og fin roman.

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

GAUTE HEIVOLL: «Himmelarkivet»
253 sider
Tiden

Relaterte bilder