Om lommehundar og andre raritetar

Broket lappeteppe av barokke folkelivssoger frå eit vestlandsk fabelland.

««Lommehunden frå Ribo»»

Dei som ønskjer seg kunnskap om lommehundar, har ikkje anna å gjera enn å gå til Rolf Sagens siste bok, ei samling med 41 korttekstar der ulike forteljarar, gjerne med litt sære namn, skaper det antologiredaktør Halvdan Brun, stud.philol. og jur., i sitt føreord, datert mars 2008, kallar ei litteraturhistorie for byen Mox. - Dermed blir ein boge slått tilbake til «Springfart ved fjorden» (1986), kultromanen som introduserte nettopp byen Moks og legendariske forteljarar av typen Svale Smule, professor i historier ved Universitetet i Strutshamn, i det sagenske forfattaruniverset.

Årets bok
er så full av burleske innslag og rare figurar at ingen vil finna på å karakterisera dette som ei standardoppvisning i bygderealisme eller vanleg litteraturhistorieskriving. Teksten parodierer systematisk visse sider ved den tradisjonelle formidlinga av folkloristisk forskingsmateriale, kvardagsrealismen glir over i det fantastiske eller magiske, trekk frå segner og eventyr, draumar og lygesoger, nedfeller seg i stadige nye flirande, humrande, absurde historier eller refleksjonar sprunge ut av eit fiktivt, vestlandsk fjordlandskap.

Men sjølv
om Sagen står fram som ein original og stilsikker forteljar, sjølv om komikken ofte er ellevill og fantasiutfaldinga verkar sprelsk, hender det at bruken av dei same forteljartekniske knepa, igjen og igjen, tvingar fram ei viss kjensle av «overkill». Dei lakoniske rapportane om skeive lagnader i bygd og by blir til slutt så mange og like i tonen at ein ikkje lenger så lett lar seg overrumpla og underhalda. Brått byrjar ein å sakna visse pustehol av alvor som kan balansera eller avløysa alle dei lattermilde overdrivingane, klangfulle bokstavrima og ha-ha-humoren.

Les også

FORTELJINGAR:

ROLF SAGEN:«Lommehunden frå Ribo»
107 sider
Det Norske Samlaget

Relaterte bilder

  • Plumpt, drøyt, og lett å like

    1 2 3 4 5 6

    Noen komikere klarer å holde det gående i halvannen time uten å gå på tomgang. Dag Sørås klarer det bare nesten.

  • God Dag

    1 2 3 4 5 6

    Alt treffer ikke like godt, men Dag Schreiner vil sørge for mange latterkuler i Stavangeren før jul.

  • Sjarmerande brakfis

    Barne- og ungdomsteatrets versjon av "Doktor Proktors prompepulver" på Rogaland Teater er ei sjarmbombe av promp, korps, rotter, kloakk og vennskap.

  • Hamlet

    1 2 3 4 5 6

    Det er sjelden at et teaterstykke varer i nesten fire timer og likevel har man ikke lyst til at det skal slutte. Regissør Kjersti Horn, hovedrolleinnehaver Torbjørn Eriksen og ensemblet for øvrig har skapt en storslått og medrivende forestilling av Shakespeares mest berømte tragedie.

  • Lille Eyolf

    1 2 3 4 5 6

    Angår "Lille Eyolf" fra 1894 oss i dag? Mer enn man kanskje ville tro. Stykket skildrer et ektepar som nesten bukker under fordi deres funksjonshemmede barn dør. Henrik Ibsen avslører, som vanlig, stor innsikt i menneskesinnets irrganger.