Ufundamentert avmaktsstudie

Kneippbrødlitteratur om tap og desperasjon.

«MATT HAIG: Tilhører Mr.Cave»

Matt Haig er ein engelsk forfattar som har den diskutable gleda av framleis ved fjerde roman å bli omtalt som talent av forlaget. Kva dei legg i ordbruken er uvisst, men visst har fyren forteljartalent og mange fikse idear. Legg til ein dæsj subtil britisk humor i grei norsk omsetjing, og du har eit konsept som funkar om lag som eit kneippbrød i brødskuffa.

I romanen som no føreligg går Haig igjen tett opptil livet i familien, nærare bestemt i den skjøre og oppløyselege kjernefamilien som er truga frå mange hald. For kva gjer ein familiefar som opplever at familien smuldrar opp kring han? Med kona brutalt drepen og sonen trakassert til døde av jamaldringar, sit han att ribba, men likevel som med ein livsessens; for augesteinen hans, dottera Bryony lever framleis. Det burde kanskje vera ei enkel sak å verna henne mot alt og alle.

Men ho er ikkje som eitt av praktstykka han forhandlar i sin eksklusive antikvitetshandel. Ho er oppteken av livet som kjem strøymande. Der han vil bevara vil ho befriast. Det er noko dystert og dystopisk over Haigs desperate forteljar. Han har mista og mister meir. Dess meir han tviheld dess meir trekkjest han med i den mørke malstraumen av tap og avmakt.

Matt Haig har som nemnt gode forteljarkvalitetar. I denne romanen vert eg litt i tvil om sjølve truverdet til forteljarstemma; for ville ein så desperat og nedkjørt person som eg-forteljaren her er vore kapabel til å referera sine tankar og motiv med den grad av sjølvinnsikt som ei slik referering krev? Eg klarer ikkje heilt å tru det. Dermed vert det noko konstruert over sjølve forteljinga som gjer denne avmaktsstudien mindre minnerik. Eit litterært kneippbrød, om du vil.

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

MATT HAIG: Tilhører Mr.Cave
Omsett av John Erik Frydenlund
187 siderTiden

Relaterte bilder