Debuterande og fabulerande årdalsbu

Dryge skrøner frå Ryfylke i mogen og elegant romandebut. Edmund Austigard frå Årdal i Hjelmeland gjer ein mogen og elegant romandebut.

«Edmund Austigard: Krinsereglane»

Handlinga går føre seg i forfattarens heimbygd frå første verdskrigen og eit stykke ut på 1920-talet. I sentrum står familien Bønarflott, der forteljaren veks opp som nest yngst av fire brør.

Tittelen «Krinsereglane» viser til dei usynlege trådane i den sosiale veven, den lokale maktstrukturen. Til dømes krinsane på kaien, der bygdefolket deler seg i leirar mens dei ventar på dei to konkurrerande rutebåtane frå Stavanger. Desse krinsane svarer eller svarer ikkje til dei to «kaffimenighetene»: dei som soknar til Handelslaget og dei som drikk «Schmidtakaffi». Men her finst reglar for alt - til og med den kvilelause og nøye koreograferte krinsinga til storebrørne i stova på ruskevêrsdagar.

Elles høyrer me om fotballens barndom i Ryfylke. Om monstertraktoren i Trodlatysdal. Med meir.

Men alt dette er eigentleg tilbakeblikk frå Chicago i 1941, der forteljaren sit på kafé og ventar på å treffa igjen J.J. Rodale - den mystiske amerikanaren som kom til Årdal midt på tjuetalet og meir enn noko anna inkarnerer utdrivinga av barndomsparadiset, overgangen frå barnleg uvit og uskuld til vakse medvit og medskuld. J.J. slo seg til i bygda, intrigerte og sto i, og skreiv reportasjar for ei Chicago-avis - med den potensielt katastrofale biverknaden at årdalsbuen kanskje for første gong fekk høve til å sjå seg sjølv utanfrå, som «innfødd». I alle fall den ikkje-analfabetiske delen av innbyggjarane, som forteljaren tilhøyrer. Derfor kan vel J.J. også forståast som forteljarens skugge og alter ego. For slik kan jo også hans eigen romantekst lesast: som eit forsøk på å finna distanse til seg sjølv og sitt opphav.

Romanen er velskriven, på eit dialektfarga nynorsk som kan vera både saftig og poetisk alt etter behov. Forfattaren meistrar til fulle kunsten å overdriva, å fortelja ei dryg skrøne - noko som harmonerer godt med miljøet og den munnlege forteljarstilen han har valt. Som noko midt mellom ein Hans E. Kinck og ein Kjartan Fløgstad serverer han oss det eine burleske opptrinnet etter det andre. Kanskje held han på litt for lenge med lausleg samanbundne, absurde låg- og høgkomiske anekdotar med meir eller mindre satirisk snert - slik at komposisjonen til sjuande og sist blir litt vel laus i fisken? Heilt sikker er eg ikkje.

Men ein kan vel ikkje få i seg årdalsauren utan at saltlaken følgjer med.

Les også

Kommentarer

Edmund Austigard: Krinsereglane
323 sider
Samlaget