FOTO: Jon Ingemundsen
Så lenge det er snø, vil Agent Kiellands gate no vera bilfri sone.
AV: helene reite
- Me bur ikkje akkurat på Hawaii, men me må gjera det beste utav denne snøen, seier trafikkansvarleg Arve Allan Simonsen, i Stavanger kommune.
Agent Kiellands gate på Våland vart fredag kveld stengt for alt anna enn kjelkar og akebrett. Simonsen tok jomfruturen i den tradisjonsrike akebakken.
- Dette er den første turen i år. Eg kosar meg. Bakken har ei lang og tradisjonsrik historie. Den vert alltid stengt så lenge det er snø. Slik har det vore lenge før eg byrja å jobba i kommunen på 70-talet, fortel Simonsen.
Han oppfordrar foreldre til å ta ansvar for sikkerheit.
- Foreldre må trå til. Dei må passa på at skilta er på plass, og følgja ungane fram og tilbake. Sjå på det som ein dugnad, smiler Simonsen.
Han har blanda kjensler med tanke på ein lang vinter.
- Snøen kan vera ein plage for nokon, og den er først og fremst kjekk for borna. Eg håpar mange vil få glede av dette. Eg syns i alle fall det er veldig kjekt, avsluttar Simonsen.
Fredag ble det også kjørt opp snøscoterspor på golfbanen i Stavanger. - Det er kjørt opp noen runder med snøscooter. Foreløpig er det litt lite snø, og snøen for lett til at vi kan kjøre med sporkall, men vi vil kjøre med sporkall så fort det lar seg gjøre sier Kjell Jan Selvik i Norsk Folkehjelp, ifølge kommunens nettside.
Kommentarer