Bang, bang. Splæsj, splæsj

«Resident Evil» var i utgangspunktet eit dataspel, men har sidan første versjon såg dagens lys i 1996 blitt til eit fenomen med spin off-produkt som teikneseriar, actionfigurar og bøker. Og, altså: film.

1 2 3 4 5 6
«Resident evil: Afterlife»

«Resident Evil: Afterlife» er den fjerde filmen i rekkja – og neppe laga primært for middelaldrande menn med samfunnsvitskapleg hovudfag frå universitetet. Eg har verken spelt dataspelet eller sett dei tre første RE-filmane (der forsvann all autoritet overfor RE-fansen), og må dermed vurdera «Afterlife» som film.

Som film er dette sprøyt – på fleire nivå. Historia er sprøyt, blod- og gørrspruten står – og så sprutar det stadig vatn over dei teikneserieaktige skodespelarane.

Historia er omtrent sånn: Alice (Milla Jovovich) lurer på om ho er det siste overlevande mennesket i verda etter siste samanstøyt med det onde og virusproduserande Umbrella Corporation – men ser heldigvis framleis spektakulært godt ut.

I Los Angeles finn ho ei lita gruppe overlevande som har søkt tilflukt i byens fengsel – omringa av ein del tusen svoltne zombiar. Menneska prøver på si side å koma seg vekk og til skipet Arcadia, og det blir ein del diskusjon (gjesp). Men så nærmar zombiane seg på alle kantar, snakkinga må ta slutt. Og så blir det masse bang, bang og splæsj, splæsj.

På sitt vis er her ein del tøffe actionscener – sterkt inspirert av til dømes sakte filmkjøret i Matrix. Som jo eigentleg betyr at du har sett det før. Det einaste nye måtte vera at slaktinga går føre seg i 3D – noko som er med på å halda interessa oppe nokre ekstra minutt. Dermed får «Resident Evil: Afterlife» eitt ekstra auge på terningen – for 3D-en.

jan.zahl@aftenbladet.no

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Regi: Paul W.S. Anderson. Med: Milla Jovovich, Ali Larter, Kim Coates, Shawn Roberts, Wentw?? orth Miller, Boris Kodjoe. Amerikansk 3D grøss/thriller/sci fi. 2010. 1 time, 37 minutt. 15 år.

Relaterte bilder