Trist Supermann
Uventa vellukka film om tre ungdommar som får superkrefter frå eit hol i bakken.
AV: jan zahl
Chronicle
Amerikansk action/thriller. 2012. 1 time, 24 minutt. 15 år. Regi: Josh Trank. Med: Michael B. Jordan, Dane DeHaan, Alex Russell, Michael Kelly, Ashley Hinshaw, Anna Wood.
"Chronicle" kunne blitt ein uendeleg teit film. Sjekk bare dette plotet: Tre ungdommar utviklar superkrefter etter å ha gjort ei utruleg oppdaging i eit hol i bakken. Den eine av dei tre er eit nervøst mobbeoffer som blir banka av ein alkoholisert far mens mora ligg dødssjuk heime. Det er laga mange nok amerikanske filmar om taparen som plutseleg oppdagar skjulte talent, blir high school-helt og reddar familien – i ei klissete happy ending.
"Chronicle" er ikkje ein slik film. Eit øydelagt sjølvbilete og sinn kan ikkje fiksast med superkrefter. Det kan heller ikkje ein dysfunksjonell familie.
Dei tre unge kompisane framstår imponerande nok som truverdige i oppdaginga og utviklinga av dei usannsynlege kreftene. Dei nærmar seg superkreftene omtrent slik du skulle tru bråmogne 16-åringar ville gjera det, kastar baseballar i trynet på kvarandre, køddar med folk, får bamsar til å fly og steinar til å spretta på vatnet. I eit litt daft midtparti i filmen er det heile bare leik.
Så mørknar det. For livet er ikkje ein leik. Heller ikkje med superkrefter.
Parallelt kommenterer den eine av dei tre, med tenåringens lett umogne forståing og fascinasjon for filosofi, det heile med gamle filosofiske læresetningar: Shopenauers tese om viljens kraft, Platons hulelikning, omgrepet "hybris" – altså overmot. Før også filosofien forkvaklar til teoriar om overmenneske og rettferdig maktbruk.
Alle bileta er filma gjennom gutanes eigne kamera, overvåkingskamera, eller ho som filmar til bloggen sin. Også dette grepet med "autentiske" filmopptak er jo etter kvart gjort mange gonger. Men også dette fungerer godt i Josh Tranks debutarbeid som regissør.
Kommentarer