- Vi driv jo sjølv med dette heile tida, seier kulturministar Trond Giske (Ap), og siktar til norske ambassadar sitt kulturarbeid.
AV: solveig grødem sandelson
UPROBLEMATISK: - At Kulturhuset Sølvberget inngår eit samarbeid med den amerikanske ambassaden, synes eg er heilt uproblematisk, seier kulturministar Trond Giske til Aftenbladet. Han viser til at slik kulturformidling er ein heilt vanleg del av det arbeidet alle ambassadar driv, også dei norske:
- Vi gjer jo det same, vi. Eg var i Paris seinast i sist månad for å presentera norske forfattarar og norsk litteratur, seier Giske, og legg til:
- I denne avtalen det her er snakk om, er det jo opp til biblioteket sjølv både om dei vil ta imot tilbodet og leggja ut bøkene. Dei har full fridom til å seia nei.
Heller ikkje leiar i kultukomitéen på Stortinget, May Helen Molvær Grimstad (KrF) lar seg opprøra:
- Eg syns det er heilt greitt at eit bibliotek mottar bøker frå eit land sin ambassade.
Molvær Grimstad meiner likevel det er grunn til å drøfta avtalen nøye.
- Ein må vera heilt sikker på at ein godt nok ivaretar biblioteka sin nøytralitet i dette. Det er bra at dette skaper debatt.
Forskjell?
- Bibliotekaforbundet viser til at biblioteka har ei spesiell rolle som ein av grunnpillarane i det norske demokratiet, og difor ikkje kan la seg sponsa av nokon land. Er det nokon prinsipielle forskjellar mellom folkebiblioteka og andre kultruinstitusjonar når det gjeld sponsing?
- Nei, seier Giske. Eg ser ingen prinsippiell forskjell. Men eg er opptatt av at biblioteka skal vera ein aktiv arena, ein offentleg møtestad der mye skjer. Det at dei knyttar til seg samarbeidspartnarar er bare positivt, meiner statsråden, men presiserer at dei nok bør knytta til seg eit vidt spekter av samarbeidspartnarar.
Molvær Grimstad er ikkje like kategorisk:
- Når ein sponsar eit bygg som for eksempel det nye konserthuset i Stavanger, har det ingenting med innhaldet å gjera. Bokgåver til eit bibliotek går rett på innhaldet. Det er viktig ikkje å vera ukritisk til det.
Giske vil ha konkurranse
Giske er overbevist om at andre land sine ambassadar er like ivrige i kulturformidling som den amerikanske, og nemner særleg den franske:
- At det er konkurranse i kulturformidling mellom dei ulike landa sine ambassadar er svært positivt, slår statsråden fast:
- Sjølv har eg ivra for at vi bør utvida innkjøpsordninga vår for norsk skjønnlitteratur, så vi kan tilby norsk samtidslitteratur til dei institutta i utlandet som tilbyr undervisning i norsk og norsk litteratur.
Kan omfatta: Besøk av amerikanske forfattarar, musikarar og artistar, utstillingar eller innkjøp av amerikansske medier
Gjeld: Heile verksemda til Sølvberget KF, ikkje bare biblioteket
Utvalet: Sølvberget KF vel kven dei vil invitera, kva dei vil visa, eller kva dei vil ta inn i biblioteket.
Ikkje aleine: Biblioteket i Sør-Varanger har ein tilsvarande avtale, mens ein i Bergen og Tromsø vurderer liknande tilbod.
Kommentarer