Hatlehol i hottentott-bråk

Fleire artistar kjende seg krenka då Kapittelsjef Hatlehol brukte ord som hottentottskjørt og villkatt frå scena på Cementen.

- Når ein vel å strø om seg med omgrep som dette, må ein vera klar over at det for enkelte handlar om djup miskreditt av det dei står for, seier norsk-marokkanske Malika Malouf Rasmussen i bandet Women's Voice.

Det var artisten Hanna Kvam somblei introdusert «ein villkatt som klorer deg i andletet», og poeten Vindtorn skal ha blitt introdusert som ein som hadde vore i Zululand og truffe hottentottar før. Hatlehol fleipa også om afrikanske menn sin tendens til ikkje å dukka opp til rett tid.

VIL IKKJE TILBAKE:
- Fleire av dei afrikanske artistane spurde meg etterpå «Kva er det vi gjer her?», seier Ramussen.

- Og fleire i Women's Voice seier at dei ikkje vil koma tilbake til festivalen, dersom dei blir inviterte.

Fleire artistar, både afrikanske og ikkje-afrikanske, skal nå ha bedt Afrikan Youth in Norway om å klaga saka inn for likestillings- og diskrimineringsombodet.

GJER IKKJE FOLK TIL OFFER:
- Eg har alltid kjend ubehag ved å gjera andre til offer, det er utgangspunktet mitt, seier Birgit Hatlehol sjølv.

- At afrikanske menn har ein tendens til ikkje å dukka opp, er basert på erfaringar den siste månaden. Og det har eg altså vitsa med dei om.

- Men det er vel ein forskjell mellom å fleipa om det på privaten, og å gjera det frå ei offentleg scene?

- Eg er sjølvsagt lei meg for at eg har krenka og støytt nokon med dette. Men eg har aldri opplevd liknande reaksjonar, eg er ikkje vant med det.

BØR LEGGJA SEG FLATE:
RV-politikar og journalist Liv Gulbrandsen, konferansier på det aktuelle arrangementet, forstår godt kritikken.

- Eg håpar Kapittellegg seg flate og ryddar opp i dette overfor dei som blei krenka.

Fungerande leiar ved Sølvberget, Hildegunn Birkeland, seier dei er i gang med dialogar for å få oppklart kva som har skjedd. Ho beklagar viss nokon som var tilstades føler seg støytt og såra.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Kultur

«Alcatraz» fengsler ikke

Fengselsdrama. Krim. Hevn. Overnaturlig mysikk. Det blir for mye.

Mer Renberg til Frankrike

Nå er også Tore Renbergs roman «Pixley Mapogo» solgt for utgivelse i Frankrike.

Matte er også kultur

Matte var skuespiller Ole Tellefsens verste fag. Nå turnerer han Rogaland rundt med et selvskrevet musikalsk teater om matematikk.

Mods-historien blir tv-serie

TV Vest dokumenterer hele Mods-historien kronologisk, til en tv-serie som skal vises i vår.

Dogmekunst på vandring til Operaen

Har du noen gang lurt på hva teaterskuespillerne gjør i pausen mellom første og andre akt? De maler. I hvert fall noen av dem.

Relaterte bilder

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest