• FOTO: Fredrik Refvem

Sivilarkitekt Rolf Skjelstad:

- Holmen er eit skandaleprosjekt

Sivilarkitekt Rolf Skjelstad deler byantikvar Skogland sitt syn på det nye prosjektet på Holmen. Han meiner slike prosjekt ikkje blir bygde for dei som skal ha dei, men for å gi utbyggjararene størst muleg gevinst.

Stavanger sentrum: - Arkitektar har eit stort ansvar, seier sivilarkitekt Rolf Skjelstad, som er leiar i Asplan Viak si arkitektavdeling i Stavanger.

- Ansvaret ligg i å heile tida argumentera for faget vårt. Men vi har alltid jobba for dei rike og dei med mye makt. Vi er avhengige av dei for å få oppdrag. Slik har arkitektar tradisjonelt vore forbausande stille i offentlege debattar om byutvikling.

SKANDALEPROSJEKT: - Byantikvaren meiner det nye prosjektet på Holmen er ute av einkvar skala. Kva syns du?

- Holmen er etter mi meining eit skandaleprosjekt. Det er knugande, det gjer noko med menneska på gatenivå. Eg kan ikkje forstå kvifor ein byggjer slik, dersom ein meiner noko med at ein skal bevara det låge i dette området. Tidlegare har vi hatt DSD, som i og for seg er eit fint bygg, men som nesten får heile Holmen til å tippa på sjøen, og så har Valbergtårnet reist seg over dei andre låge husa. Nå får ein eitt tårn til, det endrar heile strukturen og skalaen, seier Skjelstad.

GEVINSTEN: - Kven bestemmer korleis bygg i byen blir sjåande ut? Er det utbyggjarar, offentlege instansar, eller arkitektane?

- Alle tre er jo viktige. Det offentlege må vera premissleverandør, sjølv om det ikkje alltid ser betre ut når kommunen har vore inne i biletet. Men det er først og fremst utbyggjarane som bestemmer. Dei blir færre og færre, men større og større. Og veldig få prosjekt blir bygde for dei som faktisk skal ha dei. Dei blir bygde for at utbyggjarane skal få størst muleg gevinst idet dei sel vidare.

Skjelstad understrekar at arkitektane har ansvar og makt blant anna fordi deiformidlar tendensar i tida.

- Men nårbetongentreprenøren føreslår å kutta det karnappet eller den fasaden for å gjera det rimelegare, så blirofte slike økonomiske argument tillagt større vekt enn dei som går på arkitektoniske kvalitetar. Vi har ingen maktmiddel i den diskusjonen. Vi kan bare trekkja oss. I tillegg har eigedomsmeklarar kome inn i prosessen. Dei uttalar seg om kva dei trur kjem til å selja, og kva som ikkje gjer det.Det vi føreslår, blir overprøvd av dei.

- Er det forskjell påofffentlege og private utbyggjarar, når det gjeld kor tungt økonomiske argument veg?

- Eg skulle ønskja eg kunne svara ja på det. Men eg er ikkje heilt sikker. Det offentlege skal ofte eiga og forvalta sjølv, for eksempel når dei byggjer skolar. Difor tenkjer dei langsiktigg. Men dei er ofte lite villege til å eksperimentera. Private utbygjarar er ofte meir nysgjerrige på nye ting, der gjeld det å liggja framfor konkurrentane.

DRISTIG I STAVANGER: Skjelstad er ikkje einig med byantikvaren i at det blir bygd så få gode moderne bygg i Stavanger.

- For litt sida var eg i Bergen, der meinte mange at Stavanger står fremst nettopp fordi det blir laga mye god, moderne arkitektur her. Oppdragsgivarane i Stavanger er dristigare enn i Bergen. Det finst mange gode bygg rundt i byen.

- Som for eksempel?

- Hurtigbåt-terminalen. Det er veldig enkelt, held ein låg profil, og tar hyggeleg imot folk. Det er lett å lesa kor ein skal hen, og det er opent. Det opnar seg mot sjøen, du er framleis på kaien, bare skjerma. Det er ikkje brautande, men stillferdig, samtidig som det er monumentalt. Eg syns nesten det er finare enn Oljemuseet. Fornyinga av Finns konditori, som Helen & Hard har stått for, er også fint og nennsomt gjort. Så har vi Magasin Blå, som er teikna her på Asplan, utan at eg har hatt noko med det å gjera. Det skal både vera eit kjøpesenter med store flater, samtidig som det må forhalda seg til den gamle grammatikken i sjøhusrekkja. Sjølve bygninga uttrykkjer den konflikten. Skjelstad trekkjer også fram Helen & Hard sitt prosjekt ved sida av BI på Storhaug.

- Det er i ein skala som snakkar til dei gamle husa rundt, det er kledd i tre, men samtidig halde i ein provoserande farge, det markerer seg difor også som nytt.

BØR SEIA NEI: Rolf Skjelstad slår fast at det finst jobbar arkitektar bør seia nei til.

- Det finst eksempel på folk som har gjort det, og nesten ikkje fått offentlege oppdrag. Ein av dei er Sverre Fehn, den norske arkitekten som er mest anerkjende internasjonalt. Han fekk nesten ikkje offentlege oppdrag før han blei pensjonist.Saka:
Byantikvar Anne Merethe Skogland meiner arkitektane har eit kjempe-stort ansvar for korleis dei moderne byggja i sentrum blir sjåande ut.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Kultur

Mods-historien blir tv-serie

TV Vest dokumenterer hele Mods-historien kronologisk, til en tv-serie som skal vises i vår.

Dogmekunst på vandring til Operaen

Har du noen gang lurt på hva teaterskuespillerne gjør i pausen mellom første og andre akt? De maler. I hvert fall noen av dem.

Kaizers for fulle hus i Egersund

Første gang Kaizers hadde konsert i Egersund kom det to mann. Denne gangen var det litt flere.

Clooney ble Gullfisken

Fjorårets beste reklamefilm ble også den mest omtalte: George Clooney som eventyrprins på boligjakt i Lillestrøm.

«Kompani Orheim» vant nordisk filmpris

Den norske filmen «Kompani Orheim» vant lørdag den store nordiske filmprisen i Göteborg. Prisen er på 1 million svenske kroner.

Relaterte bilder

FOTO: Jonas Haarr Friestad

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet