- At me har klart å verna Gamle Stavanger må ikkje bli ei sovepute, seier byantikvaren i Stavanger. Ho peikar både mot Blåsenborg - og mot måten ein byggjer nytt på i byen.
AV: solveig grødem sandelson
- Eg trur mykje av engasjementet og frustrasjonen når det gjeld byutvikling, kjem fordi mykje av det nye er så forferdeleg mykje dårlegare enn det gamle, seier byantikvar Anne Merethe Skogland i Stavanger.
Forflatande
- Ein byggjer på ein måte som gjer det umuleg å sjå kva for ein by ein er i - det kunne vore kor som helst. Det er forflatande.
Ho har fleire eksempel på det som ikkje er bra, enn på det som fungerer.
- Det er så mykje brutalitet, for eksempel i måten ein møter gateplanet på. Og i skaleringa. Holmenprosjektet er fatalt. Det er heilt grotesk, og det går ikkje an å fiksa på det.
Dei mange store gravehola i byen syns byantikvaren heller ikkje noko om.
- Det er eit angrep på bylandskapa. Ein grev eit stort hol for parkering, og så ser ein etterpå korleis det blir oppå. Det er ein heilt feilslått metode. Me må sjå med nye auge på parkering. Me må byggja meir oppå, mindre under. Og diskutera kor stor plass bilen skal ha i byrommet.
Feilslått
- Ifølgje seksjonssjef Gisle Erlien hos Riksantikvaren går ikkje konfliktane lenger så mykje på riving kontra bevaring, som på korleis ein byggjer i nærleiken av det gamle. Her i byen er Gamle Stavanger snart heilt innebygd av høge blokker?
- Det er også ein heilt feilslått angrepsvinkel. Ein burde satt mykje, mykje strengare krav til korleis dette skulle sjå ut. For den utbyggingsforma ein har lagt opp til nå, bryt med det genuine ved trehusbyen - den smålåtne storbyen. Det er det som er det spektakulære med Stavanger - det smålåtne. Den viktigaste utfordringa nå er å ta inn over seg kor mykje trehusbyen betyr som merkevare og identitet for byen, seier Skogland.
- Det gjeld både omfang, antal, uttrykk og oppleving, legg ho til.
Målestokk
- Kva skal politikarane målast på, når det gjeld vern og utbyggjing framover?
- Om dei klarer å behalda det gjenståande. Og i neste omgang forvalta ny bebyggelse på ein førebiletleg måte, så den ikkje går utover den gamle. Skagen Brygge Hotell syns eg er vellykka. Det har sitt eige uttrykk på nennsamt vis. Det er utruleg fint skalert.
- Kva er det mest sårbare området i byen nå?
- Blåsenborg. Der er det eit stort potensial.
- Med Nytorget?
- Ja.
Framtida
- Me må fatta politiske avgjerder der ein ikkje tillet bygningar som går utover skaleringa, seier Helge Solum Larsen (V), son nå er nestleiar i kommunalstyret for byutvikling.
- Holmen står som eit voldsomt bevis på akkurat det. Det burde aldri ha skjedd. Nå står det der som eit sår på sentrumshalvøya, og er sjølve beviset på at me må endra kurs. Når me får kulturminneplanen tilbake frå revisjon, vil eg sjekka nøye at me har eit juridisk grunnlag der for vern av heile kulturgrupper av bygg. Kampen på Nytorget står ikkje bare om nokre få hus. Det er eit samspel, av hus og gaterom og gateløp. Saman er det ein identitet. Det går ikkje an å seia at ein kan ta nokre hus der. Det endrar på heile miljøet å gjera det.
Solum Larsen har også ein draum om å kunna ta ut erfaringane frå Norwegian Wood-prosjektet til Stavanger 2008 i framtidig byutvikling.
- Eg trur me kan bruka dei erfaringane til å utvikla trehusbyen på ein god måte. Men me må leita etter virkemidla me treng for å få det til å fungera. Alt på møtet i byutvikling i dag vil eg be om at det blir jobba fram ei sak som drøftar akkurat dette.
solveig.sandelson@aftenbladet.no
Foreninga Gamle Stavanger er 50 år, og feira med ein konferanse om vern av trehusbygg i byar.
FOTO: Lars Idar Waage
FOTO: Jan Tore Glenjen
FOTO: Erik Holsvik
Kommentarer